<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Levande gjær i TopLac: Stor interesse og lovande tilbakemeldingar

Sidan Fiskå Mølle tilbydde varianten TopLac Nøytral m/levande gjær i april har vi merka stor interesse for produktet. Mange titals mjølkebønder langs heile norskekysten brukar no kraftfôret. Vi har intervjua 33 av brukarane i Rogaland, Agder og Sogn og Fjordane.

Av: Kjell-Rune Vik, produktsjef drøvtyggarfôr

Internasjonalt er det gjort meir enn 100 fôringsforsøk med levande gjær til storfe generelt, så den generelle kunnskapen om effekten er eigentleg veldig god. Det er også gjort mange titals fôringsforsøk til mjølkeku. Levande gjær brukast av fôrprodusentar i svært mange land. Den typiske responsen er betre nedbryting av fibrane i grovfôret, betre vommiljø og fôrutnytting, ofte meir mjølk (spreiing frå 0 og opp til 5 liter per dag), og oftast uendra kjemisk innhald i mjølka. Fleire forsøk viser også at kua taklar betre høgt nivå stivelse i rasjonen, og at den toler betre brå overgangar i fôringa.

Men det er stor skilnad på fullfôr (TMR) med maisbasert surfôr blanda med til dømes biprodukt frå bioetanolproduksjonen i EU eller USA - kontra norsk grassurfôr med klassisk separat fôring med kornbasert pelletert kraftfôr. Eigne erfaringar her til lands er viktigast.

 

 

Levande gjær som toler pelletering

Det er fleire tilbydarar av levande gjær til storfe i markedet. Vår leverandør er ein av verdas største produsentar av gjær generelt, og har tilbydd vomspesifikk gjær til drøvtyggarar i fleire tiår. Dei har også lenge lege fremst i utvikling av gjærprodukt som toler pelletering til minimum 81 grader, som er det norske «salmonella-kravet» med omsyn til varmebehandling. I februar i år tilbydde produsenten ein ny variant av same gjær-typen, men der beskyttelsen (coatinga) er teken endå eit hakk vidare slik at gjæren faktisk overlever endå hardare varmebehandling som t.d. ekspandering av kraftfôr etterfølgt av pelletering. Fiskå Mølle har testa dette sjølv, og sett at påstanden stemmer.

Vi ville no sikre at våre kundar får moglegheita til å ta i bruk denne veldokumenterte fôrtilsetninga i kraftfôret for å sjå om det gir ei lett synleg auke i lønsemda i eige driftsopplegg på sitt bruk.

 

Lansering like før beiteslepp

Gjærprodusenten er tydeleg på at det tek minimum ein månad frå ein begynner å fôre med levande gjær til ein har ein veletablert gjærstamme i vomma. I juni hadde mange brukt TopLac med levande gjær i minst ein månad, og vi gjennomførte då ei spørjeundersøking for å høyre korleis det gjekk no samanlikna med april/mai. Svaret vart sjølvsagt prega at mange hadde slept kyrne på beite like etter at kraftfôret var kome til gards… Det var jo litt uheldig for det vitskaplege som Fiskå Mølle var ute etter, men ein veldig interessant og forholdsvis hyppig tilbakemelding var likevel at «Det verkar som om kyrne toler betre overgang til beite når det er levande gjær i kraftfôret». Altså at mjølkeytinga ikkje blei like negativt påverka som tidlegare år av den brå overgangen som beiteslepp representerer.

 

Over halvparten opplevde auka mjølkeproduksjon

Juni månad er veldig travel tid for våre gode kundar, så spørjeundersøkinga blei ikkje spesielt grundig gjennomført. Det var naturleg nok ikkje rom for å gå djupt til verks i tida omkring førsteslåtten… Men 17 av 33 mjølkebønder i undersøkinga hadde relativt stabil fôring med grovfôr i månaden etter første levering. Desse er ekstra interessante for Fiskå Mølle då stabilt grovfôr gjer det lettare å tolke eventuelle skilnadar. Men ein må presisere at vi ikkje har gått inn og sett på dei spesifikke mjølkeleveransane denne tida, ei heller kor mange kyr som har blitt avsina eller som har kalva i tidsrommet. Så dette handlar eigentleg om opplevinga og «magefølelsen» til bonden sjølv, og kva han meiner å ha observert i tida etter han/ho tok i bruk levande gjær.

9 av dei 17 fortel om observasjonar som tyder på auka mjølkeproduksjon. Til dømes er det mange som opplevde at kyr i midt- og seinlaktasjonen heldt betre mjølkekurva enn normalt. Andre fortalde at mengda mjølk i tanken faktisk har auka såpass at ein tydeleg såg skilnaden på mjølkelappen eller i mjølkeroboten.

6 av dei 17 hadde ikkje merka seg nokon skilnad i mjølkeytinga. Medan 2 meinte ytinga hadde gått noko ned ein månad etterpå.

 

Eit stort fleirtal vil fortsette med levande gjær

Når det gjeld fett- og protein-% i mjølka, opplevde nokre bønder auke i kjemisk innhald. Men dei fleste opplevde stabilt nivå.

Når det gjeld appetitt på kraftfôret så opplevde nesten alle stabile og uendra forhold. Nokre kommenterte at gjødselkonsistensen hadde blitt betre. Likevel meinte dei fleste at denne var stabil og uendra.

Heile 14 av 17 synes at meirprisen på TopLac Nøytral m/levande gjær er liten i forhold til opplevd respons, og dei ønskte å fortsetje med levande gjær. Fleire vil også ha levande gjær i TopLac Låg og TopLac Høg.

 

Fiskå Mølle gjer eigne undersøkingar

Når innefôringssesongen er komen i gang att vil rådgjevarane på drøvtyggarfôr i Fiskå Mølle gjere eigne undersøkingar i robotbesetningar der dei kan skifte tilbake til vanleg TopLac (utan levande gjær) fram og tilbake, og gå i djupna for å sjå kva som eigentleg skjer med kua og responsen. Og på denne måten bli betre kjent både med effekten omkring fôrskifter, og kor god responsen eigentleg er når surfôret er stabilt, og når det er ustabilt. I mellomtida vil Fiskå Mølle framover fortsette å tilby levande gjær i ein variant av TopLac Nøytral.

 

Levande gjær bør innførast i tørrperioden

Gjær-produsenten fortel at deira forsking har vist at skal ein få full respons av levande gjær, så er det viktig at gjæren er vel etablert i vomma allereie når kua kalvar. Ein tapar nemleg tid og respons om ein introduserer levande gjær først ute i laktasjonen. Om først introduserer det i kraftfôret når kua kalvar, så får ikkje kua tilrådd mengde levande gjær før doseringa er 10 kg per dag. Det er gjerne 2½ til 3 veker etter kalving. Deretter går det endå ein månad før ein er på plass med ein velfungerande stamme i vomma som bryt ned grovfôret meir effektivt. Dette kan vi rette på.

 

Premium tilskotsfôr tilsettast levande gjær

I løpet av hausten vil flg. tilskotsfôr bli oppgraderte og få tilsett levande gjær:

 

Bruksområde

Premium Grovfôr

Breispektra allround mineral/vitamin blanding til mjølkeku, mjølkegeit og ungdyr. Spesielt rik på magnesium, E-vitamin og mikromineral.

Premium Gjeldku

Spesielt mineral- og vitamintilskudd til sinkyr. Reduserer risikoen for mjølkefeber og kalvingsvanskar, og betrer råmjølkskvaliteten.

Premium KornKross

Breispektra mineral- og vitaminblanding til mjølkekyr og slakteoksar som får Maxammonbygg, korngrøpp eller brød i rasjonen.



Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.