<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Betre fôrrasjonar med nytt og moderne system

Fiskå Mølle har vore i Frankrike og henta ny og oppdatert kunnskap om fôring av ammeku. Med tilhøyrande nytt fôrprogram vil vi kunne gje kundane våre betre fôrplanar basert på ny kunnskap om næringsbehovet til dei ulike rasane før og etter kalving. Det avanserte programmet gjer det også mogleg med planlagt justering av holdet på dyra i innefôringsperioden.

 

Tekst: Kjell-Rune Vik, produktsjef drøvtyggarfôr

 

Brorparten av rasane som brukast i Norge er jo franske. Charolais er den største rasen her i landet, og Limousin er også veldig talrik. Det er også mange som har Blond d’Aquitaine i fjøset. Franskmennene har også tileigna seg høg kunnskap om lette rasar som skotske Angus etc. I det nye programmet vel ein spesifikk kjøtferase etter behov.

 

norfor satsar ikkje på ammeku

Fiskå Mølle er ein ivrig tilhengar og brukar av NorFor med omsyn til mjølkeku og storfe i vekst. Men ammekua sine næringsbehov er annleis, og dagens NorFor-program gir ikkje gode rasjonar til ammeku i tida før og etter kalving. NorFor har uttalt at dei ikkje vil satse på utvikling av ein modul til ammeku no. Derfor hentar vi kunnskap utanlands.

 

franske forskarar har utvikla eit godt alternativ

I 2018 lanserte det store franske forskingsinstituttet i agronomi (INRA) eit spennande alternativ til NorFor som kallast «Systali». Dette systemet er minst like avansert som NorFor, og har mange fellestrekk med den. Til dømes at fôret sin energi- og proteinverdi ikkje er gitt før heile rasjonen er sett saman, og dyret sitt produksjonsnivå er definert. 

Fôropptakssystemet der er basert på same prinsippet som NorFor: Fyllefaktor-systemet. Systali har utvikla ein eigen modul til ammeku. Franske forskarar innan husdyrernæring har arbeidd tungt med ammeku i mange tiår, og kunnskapen er omfattande og detaljert. 

 

buskapsinnstillingar

For å finne dyret sitt behov for næringsstoff, legg ein inn mellom anna:

• Rase

• Levandevekt på ulike tidspunkt før/etter kalving

• Holdpoeng no og (målet) ved kalving, og maksimal endring i hold etter kalving

• Ønska fødselsvekt på kalven

• Forventa mjølkeyting per dag

• Temperatur i omgjevnaden

 

norske grovfôranalysar brukast direkte

Dei norske grovfôranalysane brukast direkte (t.d. råprotein, NDF, mjølkesyre, eddiksyre, NH3 etc.). Basert på input frå grovfôranalysen kalkulerer vi ut grovfôret sin energiverdi, som målast i fôrening laktasjon, FEl. 1 FEl tilsvarar energiverdien i 1 kg bygg, gitt til ei lakterande ku. Surfôret sine næringsverdiar blir relativt sett ganske like slik vi er van til frå NorFor.

Fordi at halm i mange tilfeller utgjer til tider ein stor del av rasjonen til ammeku, synes vi det er ekstra spennande at Systali har eit rikhaldig arsenal av ulike halmtypar og -kvalitetar å velje i, mykje meir enn vi er vane til frå før. Fiskå Mølle har trua på at det er reelle skilnadar i næringsverdien mellom til dømes bygghalm, havrehalm og kveitehalm, og at det er ulike kvalitetsnivå innan kvar halmtype. 

 

auka krav til aat    

Ein av dei viktigaste effektane i det nye systemet er at kunnskapen om ammekua sitt AAT-behov blir meir synleg. For ammekua sitt energibehov dekkast ofte gjennom grovfôret åleine, men AAT-forsyninga er oftast svak. Derfor må AAT-konsentrasjonen av kraftfôret opp. På slutten av drektigheitstida aukar behovet for AAT, og ein ser tydeleg ein auke i AAT-behovet om ein aukar fødselsvekta på kalven. Ein kalv er veldig kjøtrik (proteinrik) og har lite fett på kroppen, og det er interessant og nyttig at kunnskapen om vald kalvestørrelse påverkar ammekua sitt proteinbehov før kalving. Etter kalving vil tidleg hausta surfôr gitt etter appetitt i stor grad dekke AAT-behovet åleine. Men får kua «middels surfôr» (hausta 3-7 dagar etter skyting) så må ofte rasjonen balanserast med AAT-rike kraftfôr som til dømes Fiskå Proteintilskudd, evt. TopLac. Årsaken til at rimelegare kraftfôr som Nor500 og TopBull ikkje er like aktuelt då er at middels surfôr oftast dekker energibehovet åleine, men gir for lite AAT. Konsentrasjonen av AAT (råprotein) må opp, elles må ein gje fleire kilo med kraftfôr, og kua blir då unødig overfôra med energi. Val av mjølkeyting har også betydning her: Ammekua treng meir AAT dersom mjølkeproduksjonen skal vere 10 eller 12 liter per dag, kontra 8 liter (som er vanleg på Charolais i Frankrike). 

 

døme på fôrrasjonar før kalving

Energibehovet til ei ammeku før kalving er lågt. I rasjonane før kalving kalkulerer oftast halm godt uavhengig om bonden har surfôrmangel eller ikkje, og spesielt om surfôret har høg energiverdi. Ammekua treng energifattig «vomfyll» slik at den kjenner seg mett utan at den blir for feit til kalving. Er ammekua i godt hold ved avvenning så aukast mengda med halm i rasjonen. Vekt og hold på kua, surfôrkvalitet og -tilgang, ønska holdutvikling, tilgangen på halm samt halmprisen styrer i stor grad nivået av halm i rasjonen. Svært seint hausta surfôr er eit godt alternativ til halm. Sjå tabell 1 og 2 for dømer på fôrplanar før og etter kalving etter Systali. 

 

Tabell 1. Fôrplan til Limousinku, 770 kg ved kalving, dei 4 siste månadane av drektigheita. Planlagt fødselsvekt kalv: 45 kg. 10°C i fjøset. Surfôr av middels kvalitet. Halmen sikrar energibalanse og vomfylde. Rasjonen gir energi-, AAT- og PBV-balanse, og behova for mineral og vitamin er dekt

 

1 til 3 mnd før kalving

Like før kalving

Surfôr med 0,87 FEl /kg TS og 32% TS, kg/dag

23

27

Bygghalm ubeh., medium kvalitet, 88% TS, kg/dag

1,8

0,4

Fiskå Proteintilskudd (pellets, 35% råprotein), kg/dag

0,5

1,0

Premium Ammeku (vit/min), gram/dag

100

150

 

DØme på fôrrasjonar etter kalving

Nokre veker før kalving bør ein introdusere det beste surfôret garden kan by på, slik at kua er van til denne kvaliteten ved kalving. Då sparer ein kraftfôr, og får ei rimelegare fôring. Om du har slått tidleg og har høg fordøyelegheit på surfôret blir kraftfôrandelen avgrensa. Ammekubønder haustar grovfôret til ulike tidspunkt, men i denne artikkelen har eg lagt til grunn middels utviklingstrinn (3-7 dagar etter skyting). Fôrplanen i tabell 2 er basert på slikt surfôr.

 

Tabell 2. Fôrplan til Limousinkua 1 mnd etter kalving. Mjølkeyting 10 liter per dag. 10°C i fjøset. Surfôr av middels kvalitet gitt etter appetitt 

Surfôr med 0,87 FEl /kg TS og 32% TS

41

Fiskå Proteintilskudd, kg/dag

1,5

Premium Ammeku (vit/min), gram/dag

140

 

Har du surfôrmangel så er det nødvendig å balansere rasjonane med til dømes meir halm. Tabell 3 viser alternative rasjonar før og etter kalving med låg bruk av surfôr, og høg bruk av bygghalm. 

 

Tabell 3. Limousinkua frå tabell 1 og 2, men no med låg bruk av surfôr og høg bruk av halm. Surfôr av middels kvalitet. Rasjonen gir energi-, AAT- og PBV-balanse, og behova for mineral og vitamin er dekt

 

1 til 3 mnd før kalving

Like før kalving

1 mnd e. kalv.

Surfôr med 0,87 FEl /kg TS og 32% TS, kg/dag

12

15

25

Bygghalm ubeh., medium kvalitet, 88% TS, kg/dag

4,8

3,2

4,4

Fiskå Nor500 (pellets, 15,5% råprotein, norsk-korn basert)

3,1

3,1

-

Fiskå Proteintilskudd (pellets, 35% råprotein), kg/dag

-

0,7

2,9

Premium Ammeku (vit/min), gram/dag

50

50

140

 

oversiktlege rapportar gir kontroll

I tillegg til sjølve fôrplanen genererer Systali ein visuell framstilling per næringsstoff, og viser kor godt rasjonen dekker dyret sitt behov. Framstillinga er basert på «speedometer» visning per næringsstoff, slik som vist i dømet i figur 1. Dette gjer det lett å sjå korleis ein ligg an på alle viktige næringsstoff.

 

tabell

Figur 1. Systali genererer ein grafisk rapport til fôrplanane, slik at både Fiskå Mølle og bonden sjølv ser korleis rasjonen kalkulerer på viktige næringsparametre. Bildet her viser nokre av dei

 

Fôrplanlegging til din gard

Om du ønsker fôrplanlegging i di ammekubesetning, ta kontakt med underteikna på tlf.: 982 61 270, så avtaler vi eit opplegg basert på din surfôranalyse.

 

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.