Sau
Ekstremt konsentrert kraftfôr for ekstra høg mjølkeyting og lammetilvekst. Perfekt til holdige sauer med 1-3 veker innefôringstid etter lamming. Tilbydast i 1. halvår.
Kvalitetsfôr til lammetida som gir god mjølkeyting kombinert med gode magar og godt opptak av kraftfôr. Høgt innhald av E-vitamin innfrir behovet etter lamming. Tilbydast i 1. halvår
Fiber- og proteinrikt "all-round" kraftfôr på innefôring (til surfôr). Fungerer også svært godt i både kraftfôrautomatar og ved manuell fôring.
Er ideelt til appetittfôring av søyer i lammetida, og til sterk sluttfôring av lam etter innsett om hausten.
Vitamin- og mineralrikt kraftfôr frå paring til lamming. 3-5 hekto pr dag dekker behovet for mineral- og vitamin, og ein slepp då å gje anna tilskotsfôr utanom dette kraftfôret. Svært høgt innhald av E-vitamin (650 mg/kg).
Lam Beite er svært rik på fiber, og er derfor ideell til kopplam og som støttefôr til lam på vårbeite etter beiteslepp. Har svært god smaklegheit og høgt proteininnhald. Dette lettar avvenninga frå mjølkeerstatning og gir betre magar og høg tilvekst.
I juli/august seinkast proteininnhaldet og tilpassar til haustbeiting og sterk sluttfôring av lamma. Det høge fibernivået oppretthaldast slik at magane held betre i kombinasjon med fiberfattig haustbeite.
Fiberrikt kraftfôr med nøytral PBV, mest aktuell til sau ved grovfôrmangel. Inneheld maxammonhavre, kveitekli, roesnitter og melasse. Fullt vitaminisert og mineralisert med moderat koparinnhald tilpassa sau langs norskekysten. Høgaktuell ved grovfôrmangel.