Gryna kraftfôr til fullfôr

NOR500 Gryn

Rimeleg og stivelsesrikt kraftfôr til sterkt gjæra surfôr med middels kvalitet til mjølkeku, slakteoksar og kviger. Er tilsett vitamin/mineral.

TOPBULL Grov GRYN

Kraftfôr med ekstra mykje grovmalt norsk bygg. Stivelsen i dei store kornpartiklane løyser seg saktare opp i vomma enn ved finmalt korn, og gir dermed eit mindre pH-fall. Primært til intensiv fôring av slakteoksar på surfôr med middels kvalitet. Aktuell også til mjølkeku- og ammekubesetningar. Er tilsett vitamin/mineral tilpassa slakteokse.

BYGGRØPP GRYN

Stivelsesrikt og proteinfattig kraftfôr til PBV-rikt, sterkt gjæra surfôr ved moderat fôrstyrke. Til alle storfe. Er tilsett vitamin/mineral.

ROEBYGG GRYN

Til PBV-rikt surfôr med eit godt nivå sukker. Til mjølkeku. Er kun tilsett salt.

ROEGRYN

Gryna roesnittar. Til surfôr med høgt nivå PBV og sukker, men som er fiberfattig. Er kun tilsett salt.