<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Tilpass Sauekraftfôret etter grovfôrsituasjonen

Kjell Rune Vik, produktsjef drøvtyggerfôr

Foto: Frida Meyer

 

Grovfôrsituasjonen er veldig ulik utover landet. Mange hevdar å ha nok surfôr, ein del er usikre og mange veit dei har lite. Det gjer ikkje saka enklare at ingen veit om ein får ein tidleg vår, eller om kulda blir verande til månadsskiftet april/mai – slik vi har sett fleire gongar siste åra.

 

p1100820-min

 

Slik grovfôrsituasjonen er no, er det svært ønskeleg med ein varm mars og april, grøne bøar og så tidleg beiteslepp som råd. Dersom ein kan fôre surfôr etter appetitt i lammetida, gjeld framleis den gylne tommelfingerregelen om å spare det beste surfôret til då.

Det gir høgast mjølkeyting og lammetilvekst, og effekten kan skjerpast ytterlegare ved å gje TopLac® Sau i tillegg og likevel halde magane i orden sjølv på dette energi- og proteinrike kraftfôret. Men dersom ein har lite surfôr å by på, og dette samtidig er tidleg hausta, så er surfôret også fattig på stenglar/fiber. Dersom ein så må avgrense tildelinga av surfôr, blir det for lite fiber per sau per dag. Då fungerer det neppe med eit fiberfattig kraftfôr som TopLac Sau i lamminga.

Om våren blir kald og sein, slik at søyene må fôrast inne i tre veker eller meir; skift til Sau/Lam Appetitt, og auk kraftfôrstyrken. Her gjeld det å dryge grovfôret og samtidig halde oppe lammetilveksten utan å få «lause magar». Fôrskifte midt i lamminga er normalt sett rekna for å vere uheldig, men så lenge det er til Sau/Lam Appetitt så er risikoen liten.

 

 p1100890-min (1)

Sauefôr: Riktig fôr er viktig for både lam og sau

 

VI TILRÅR Å VELJE KRAFTFÔR OMKRING LAMMINGA ETTER DENNE MODELLEN:

1. Ved stor grovfôrmangel i lamminga: Bruk den fiberrike Sau/Lam Appetitt heile vegen. Dette sikrar vomma, god lammetilvekst og best totaløkonomi. Fôret er sesongtilpassa, og har meir råprotein og energi om våren enn om hausten. Vurder appetittfôring med kraftfôr etter lamming, og sørg for at grovfôret har ein del stenglar/ fiber.

2. Ved moderat grovfôrmangel og ønske om middels lammetilvekst: Bruk vanleg «Sauefôr» frå ein månad før lamming til beiteslepp.

3. Ved god tilgang på grovfôr og ønske om høgast mogleg lammetilvekst sjølv ved store kull: Bruk TopLac® Sau frå 2-3 veker før lamming til beiteslepp.

 

KONTAKT OSS GJERNE FOR Å HØRE MER OM KRAFTFÔR I FORBINDELSE MED LAMMING:

Kjell Rune Vik, Produktsjef drøvtyggerfôr
Telefon: 982 61 270
E-post: kjell-rune.vik@fiska.no

Leif Malvin Eggebø, Rådgiver drøvtygger
Telefon: 982 61 261
E-post: leif.malvin@fiska.no

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.