<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Eit grovfôrår med store variasjonar

I skrivande stund kan ikkje årets grovfôrsesong endeleg oppsummerast. Nokre har endå litt vinterfôr på rot, og håpar på ein haust med gode vekst- og hausteforhold. Så langt har grovfôrsesongen vore prega av store skilnader frå sør til nord i landet.

Tekst: Turid Fitjar, rådgjevar drøv

Ein som er interessert i grovfôrdyrking kjem ikkje unna å snakka om vêret, anten det regnar for lite eller for tett. Kulde, snødekke, varme og tørke har denne sesongen gitt grovfôrmangel nokre stader, medan andre melder om store avlingar av god kvalitet. Nokre gode varme dagar på seinsommaren etter ein regntung juli månad gjorde heldigvis godt for dei fleste. 

Overvintringssopp og tørke
Mai månad var historisk kald og vinterleg mange stader. Vekst og utvikling i enga stod stille, nokre stader vart snøen liggjande og gav gode kår for overvintringssoppane. Starten på juni kom med etterlengta høge temperaturar. Utviklinga i enga gjekk i rekordfart, medan regnet let venta på seg. Mange hausta ei tynn eng med avlingar langt under «normalen». Veksten stogga heilt til nedbøren kom i juli. Heldigvis kunne dei fleste hausta gode avlingar på 2.slåtten, men for å sikra nok mengde gjekk det ut over kvaliteten. Hos dei som opplevde store avlingstap på 1.slåtten vil desse avlingane uansett ikkje vera nok til å ta att tapt 1. slått. Særleg på Helgeland og i indre- og nordlege strok av Trøndelag er det mange som fryktar dei har for lite fôr i år. 

 

Kopi av DSCF1142

Med grovfôranalyse får du tilpassa fôringsplan etter kvalitet på surfôret.

Busking og god kvalitet

Langs kysten av Sør-Noreg gav ein kjølig mai moglegheit for god busking av graset. Dei fyrste slo i slutten av mai, og på grunn av låge temperaturar og sein utvikling hausta mange betre kvalitet enn vanleg. Då varmen kom i starten av juni kunne ein nytta sjeldan godt slåttevêr og høytørk til å hausta jamt over gode avlingar, men utviklinga i enga gjekk fort og kvaliteten gjekk ekstremt raskt nedover. På nordvestlandet opplevde ein tørkeskadar på utsett jord, men dei fleste hausta brukbare avlingar på 1.slåtten. 

500 døgngrader mellom 1. og 2. slått gjekk uvanleg rask. Dei tidlegaste kunne ta 2.slåtten alt etter fire veker, i starten av juli, og hausta veldig god kvalitet. Deretter følgde ein nedbørsrik juli som gjorde godt for gjenveksten, men førte til ujamn kvalitet på 2. slåtten fordi mange måtte utsetja haustinga. Godvêr i august gav godt høve til å få i hus resten av 2.slåtten, og varmen i slutten av august gjev von om godt haustbeite eller ein 3. slått. Mange har att av fjorårets grøde til utpå hausten. Gode avlingar gjev moglegheiter til å byggja fôrlager, eller kanskje avsjå fôr til kollegaer andre stader i landet.

 

 

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.