<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Gode resultat for frøblanding med strandsvingel

Strandsvingel er ein grasart som har vist lovande resultat i fleire forsøk, og i eit nytt forsøk gjennomført av NIBIO gjer frøblanding nr. 22 med strandsvingel det godt. Det er fleire grunnar til at strandsvingel er ein interessant grasart i ei frøblanding.

Av: Turid Røysland Fitjar, rådgjevar drøv og plantekultur

I forsøket såg ein på korleis samansetjinga av grasartar i enga utvikla seg i eit intensivt opplegg med tre slåttar. Som kjent er timotei ein art som yt best i 1. slåtten og etter kvart forsvinn i eit system med 3 slåttar. I forsøket var strandsvingel og fleirårig raigras betre til å ta over etter timoteien enn engrapp og engsvingel. Målet er at ugraset (ofte kveka) ikkje skal ta den «ledige plassen» i enga slik at avlingsnivået går ned.

Strandsvingel er litt treg i etableringsfasen, samanlikna med raigras. Når den fyrst har etablert seg gir den stor avling av god kvalitet og har god evna til gjenvekst. Fôrverdien er noko lågare enn for raigras. Fyrste slått bør takast tidleg og kan innehalda ein del strå, men gjenvekstevna er god og gjenveksten består stort sett av blad. Dette gjer strandsvingel til ein god art i eit system med tre slåttar. Blada er litt stive, men nyare sortar som ‘Barolex’ er foredla mot mjukare blad og seinare skyting.

Det store rotsystemet til strandsvingel gjer arten til eit godt val både på tørkeutsett jord og jord som er utsett for flaum. Den veks godt på karrig jord, og er middels vinterherdig (som hundegras, bladfaks og strandrøyr). Betre herdighet enn raigras gjer dette til ein art som er svært aktuell utanfor og i utkanten av raigrasområda. Strandsvingel er òg eit robust val i møte med meir skiftande klima.

Kort oppsummert er strandsvingel ein art som kan vera eit godt alternativ i blandingar med timotei utanfor raigrasområda der ein tek tre slåttar.

 

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.