Kraftfôrløysingar ved ulik grovfôrtilgang

Det er knapt fire månader att av kvoteåret 2020. Mange hadde opphaveleg
planlagt for ei mjølkekvote på 0,96 av grunnkvota. No er kvota som kjent
heile 1,05, og fettbetalinga er dessutan like sterk som før: 9 øre per tidel.
Proteinbetalinga er også ganske bra med 5 øre per tidel. Mange ønsker altså meir mjølk, og den skal vere feit!

Tekst: Kjell-Rune Vik, produktsjef drøvtyggjarfôr

Grovfôrsituasjonen er veldig forskjellig rundt om i landet, og fôringa med kraftfôr må tilpassast din grovfôrtilgang og situasjon omkring resten av mjølkekvota di.

Ved god tilgang på surfôr

Mange som har fått rikeleg med surfôr i sommar ønsker å produsere mjølka med høgast mogleg grovfôrandel i rasjonen. Fleire planlegg likevel nytte høvet og bygge opp ein buffer-reserve til seinare grovfôrår. Dette spesielt om ein har plan- eller tårnsilo, då rundballesurfôr har kortare haldbarheit.

Under følger våre råd i forhold til klassiske utfordringar i denne samanheng.

a) Har truleg ledig mjølkekvote til nyttår

Om ein ønsker å maksimere surfôropptaket så viser dei fleste optimeringar i Optifor at kraftfôrserien TopLac® kjem best ut økonomisk sett. Årsaka er at TopLac® er så konsentrert med energi og protein at den gir det høgaste forbruket av surfôr per liter mjølk. I år har mange dessutan veldig høgt sukker- og tørrstoffinnhald i surfôret, noko som er veldig positivt for grovfôropptaket.

TopLac® er fiberfattig og balanserer godt som einaste kraftfôr dersom nok fiber kan hentast frå surfôret (NDF over 500 gram per kg TS). Har du derimot store mengder fiberfattig og sukkerrikt surfôr, vil ein få ei betre vomfordøying av å tilføre ekstra fiber. Om du ikkje har eige fiberrikt rundballesurfôr å spe på med er det beste å tilføre snitta ubehandla halm, t.d. ½ til 1 kg per ku per dag. Det sikrar god drøvtygging og dermed god vomfunksjon, god gjødselkonsistens, høg fett-% i mjølka, god beinhelse og ein stabil høg mjølkeproduksjon.

Er halmen dyr eller har dårleg kvalitet, vanskeleg å få tak i eller vanskeleg å få snitta opp, er fibrar frå roesnittar (betepulp) eit godt alternativ. Roetopp™ er pellets basert på roesnittar (ca. 90%), og er mykje rimelegare per kilo enn TopLac®. Den fiberrike Roetopp™ tilfører energi på ein meir skånsam måte, og gjer at du kan klare deg lenger med eit lågare strukturnivå (type halm) i rasjonen. Typisk dosering ved denne typen grovfôr er å erstatte 2-3 kg TopLac® med omlag tilsvarande mengde Roetopp™ i dagsrasjonen. Kraftfôrrekninga blir mindre, vomma blir betre, og ein stabiliserer fett-% i mjølka på eit høgare nivå. Mjølkeytinga held seg oppe lenger.

Bønder med berre ein kraftfôrsilo bør ved denne typen surfôr vurdere vår nye TopLac® Fiber, der kvar pellets består av 75% TopLac® Høg og 25% Roetopp.

 

b)     Fyller mjølkekvota før jul

Her gjeld det å maksimere fett-% i mjølka og halde produksjonen på eit passe høgt nivå. Det nye kraftfôret Fiskå Kraftfull™ er utvikla for å vere eit særleg lønsamt kraftfôr når kjemisk innhald i mjølka skal opp, og der mjølkeytinga kan tonast noko ned samanlikna med TopLac. Det er mange som har brukt dette fôret siste halvåret, og vi har fått fleire positive tilbakemeldingar om auka fett-% i mjølka ved overgang til denne. Kraftfull™ finnast berre i eitt PBV-alternativ (nøytral), og passar til grovfôr hausta på middels/tidleg utviklingstrinn, og der surfôret gjevast etter appetitt.

Melketopp-serien finnast i tre alternative PBV-nivå: Låg, Nøytral og Høg. Ergo er det lettare (meir logisk) å skifte PBV-nivå når ein ser at urea i tankmjølka blir for høg (> 6,5) eller for låg (< 4,0).

Melketopp-reseptane blei nyleg oppgraderte då energikvaliteten blei tilpassa årets grovfôr som for mange er veldig sukkerrikt. Sukker løysast svært raskt opp i vomma, og verkar seinkande på vom-pH. Det høgare nivået roesnittar i Melketopp™ gir meir skånsam energi til vomma, og ein reduserer risikoen for sur vom og ketose til høgtytande mjølkekyr. Ein stabiliserer også mjølkeproduksjonen til desse. Dette aukar indirekte også nivået av fruktbare mjølkekyr, noko som har stor økonomisk betydning. Melketopp-serien er eit trygt og lønsamt val for besetningar med ytingar på 7-9000 kg mjølk per årsku. Og spesielt der slakteoksar og kviger skal ha same kraftfôret kontra å gje alle TopLac.

IMG_2424_CMYK

Ved grovfôrmangel: Hugs at det er betre å gje 2 kg ekstra kraftfôr i sju månader enn å gje 7 kg ekstra kraftfôr i to månader! 

Ved redusert tilgang på surfôr

Fiskå Mølle har lang erfaring med korleis ein skal få høg mjølkeproduksjon med god fett-% sjølv om grovfôrtilgangen er redusert. Det beste er å tilføre snitta ammoniakkbehandla halm som på førehand er godt utlufta. Gje t.d. 1 til 5 kg per ku per dag avhengig av graden av grovfôrmangel. Ein kan òg bruke snitta ubehandla halm, men hugs at denne fyller opp i vomma utan å gje like mykje mjølk tilbake. Altså at kraftfôrrasjonen blir noko høgare når ein brukar ubehandla halm.

Det er sjølvsagt best å blande halmen inn i surfôret ved hjelp av ein fullfôrmiksar, men om den er snitta kan ein i lausdriftsfjøs tilby appetittfôring av rein halm på deler av fôrbrettet. Det sikrar at kua blir mett, og ein får god drøvtygging og ein god vomfunksjon. Samt god gjødselkonsistens, høg fett-% i mjølka, god beinhelse og ein stabil høg mjølkeproduksjon. Halmfôring kombinerast oftast med TopLac Høg eller Melketopp Høg pluss evt. Proteintilskudd i dei mest halmrike rasjonane for å sikre nok PBV i rasjonen.

Er halmen dyr eller har dårleg kvalitet, vanskeleg å få tak i eller vanskeleg å få snitta opp, eller om du har båsfjøs, så er fiberrikt kraftfôr gode alternativ:

  •   Roetopp™: Svært negativ PBV, dosering opp til 4 kg/ku/dag
  •   FiberMix™: Positiv PBV, dosering opp til 6 kg/ku/dag

For bønder med to kraftfôrsiloar er derfor Roetopp eller FiberMix opplagte val i kombinasjon med hovudkraftfôr frå TopLac-serien, Melketopp-serien eller Kraftfull. Hugs likevel at vomma MÅ ha ei viss mengde fysisk struktur å jobbe med, og at Roetopp og FiberMix uansett består av finmalte partiklar som ikkje fører til auka drøvtygging. Unngå å fôre einsidig med t.d. tredjeslått eller andreslått dersom desse er strukturfattige og «blaute». Du bør streve etter eit minimumsnivå av struktur i rasjonen ved å blande saman grovfôr med ulikt fiberinnhald. 

Bønder med 1 kraftfôrsilo til mjølkekyrne kan i år med fordel kjøpe det nye spesialkraftfôret TopLac Fiber, og gje dette i høgare dose enn i ein normalsituasjon. Resepten er basert på 75% TopLac Høg og 25% Roetopp, og prisen er ein direkte funksjon av desse to. Dette gjer TopLac Fiber til eit prisgunstig kvalitetskraftfôr som kan brukast i svært høge mengder utan at kua får problem med fordøyinga. Og som gjer at du lettare likevel kan ha høg mjølkeproduksjon av heller feit mjølk frå sunne fruktbare mjølkekyr trass i grovfôrmangel.

 

Grovfôrmangel – få oversikt tidleg!

Det er sentralt å få tidlegast mogleg oversikt over tørrstoffavlinga av surfôret. Då kan ein mykje tidlegare begynne å legge om fôringa. T.d. at ein sluttar å fôre (alle) dyra med surfôr etter appetitt, skaffar eit fiberrikt kraftfôr og trappar opp den totale kraftfôrbruken. Hugs at det er betre å gje 2 kg ekstra kraftfôr i sju månader enn å gje 7 kg ekstra kraftfôr i to månader.

 

Fiskå Mølle sine rådgjevarar kan hjelpe

Om du produserer mjølk, har ammekyr eller fôrar fram oksar til slakt er det smart å legge til grunn representative grovfôranalysar for avlinga di. Våre rådgjevarar på drøvtyggarfôr kan hjelpe deg med å få tatt ut slike prøver, og kan hjelpe deg i vurderinga om du har nok grovfôr til din planlagde produksjon, og saman drøfte/legge ein plan for korleis du bør disponere grovfôret, velje beste kraftfôr og tilskotsfôr samt doseringa av desse per dyr.

 

 

 

Fiskå Mølle har dedikerte rådgivere som hjelper deg med å velge riktig fôringsstrategi.

 

KONTAKT RÅDGIVER

Kjell-Rune Vik, produktsjef drøvtyggjarfôr

Mob: 982 61 270

E-post: kjell-rune.vik@fiska.no

 

Finn din lokale rådgiver her.

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.