<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Slik aukar du fettprosent i mjølka – PÅ KORT OG LANG SIKT

Det er mange faktorar som påverkar fettprosent i mjølka. Nokre av dei kan vere relativt enkelt å gjere noko med og gje rask effekt: Til dømes kraftfôrsamansetning og fôringsteknikk.

av Kjell-Rune Vik, produktsjef drøvtyggarfôr

Andre faktorar er det verre å endre på raskt, og må planleggast til neste sesong: Til dømes val av grasartar i surfôret, og haustetidspunktet. Vêrforholda under innhausting er som kjent vanskelegare å planlegge, men tørrstoffprosenten (TS) i graset har betydning.

Storferasen har veldig stor betydning for kva fettprosent ein oppnår. Det er ikkje unormalt at reinrasa Jersey har fettprosent over seks medan Holstein ligg ofte under fire prosent; NRF noko høgare. Mjølkeytinga er òg veldig ulik. Å skifte rase er ein langsiktig strategi, denne artikkelen vil kun fokusere på fôringa.

 

fettprosent-mjolk1 (1)

Foto: Fiskå 

 

FIBER/STRUKTUR I RASJONEN VIKTIGAST

Det har vore forska på korleis ein skal auke fettprosent i mjølka i sikkert hundre år. Tallause forsøk er gjort, og den enkeltfaktoren som har krystallisert seg som mest sentral er strukturinnhaldet i rasjonen. Altså både kjemisk NDF og fysisk struktur (stive stenglar/strå). Jo meir fiber og struktur, jo meir drøvtygg kua. Auka drøvtygging fører nemleg til auka produksjon av eddiksyre i vomma. Og det er nettopp denne vi er på jakt etter: Jo meir drøvtygging, jo meir eddiksyre, og jo høgare fettprosent i mjølka. Årsaka er enkel: Eddiksyra går gjennom vomveggen, kjem over i blodet og transporterast til juret der den brukast i mjølkefettsyntesen. Sjå figur 1.

 

screenshot-2019-10-10-at-131608

Figur 1. Samanstilling av ei rekke fôringsforsøk med ulike drøvtyggingstid per kilo TS kontra respons i fettinnhaldet i mjølka (INRA, Frankrike).

 

Ei anna side av same sak er pH i vomma. Denne reflekterer kor godt vommiljøet er, og kva type syrer mikrobane der produserer av fôrrasjonen. Auka drøvtygging fører til auka pH. For drøvtygging fører til auka spyttproduksjon. Spytt er nemleg rikt på natriumbikarbonat. Dette kjemiske stoffet fungerer som ein «buffer» som hindrar pH i vomma i å bli låg trass i at det blir produsert syrer i vomgjæringa som isolert sett seinkar pH. Så det er ein sterk positiv samanheng mellom fiber-/strukturnivået i rasjonen, mengde eddiksyre i vomma, pH og fettprosent i mjølka. Sjå figur 2.

Mange mjølkebønder har opplevd at fettprosenten i mjølka har vore rekordhøg i vinter, spesielt gjeld det på rasjonar med høg bruk av snitta halm og/eller heilsæd saman med tidleg hausta surfôr. I begge tilfella aukar fiberinnhaldet i rasjonen, og dermed slår mekanismane her inn. Bruk av fullfôrblandar gir meir homogent fôr over tid og gir best resultat.

 

screenshot-2019-10-10-at-132012

Figur 2. pH i vomma kontra samansetninga av syrene der («VFA»). Jo høgare pH i vomma, jo høgare nivå eddiksyre. Det blir mest eddiksyre i vomma på fiberrike rasjonar

 

MEIR FIBER I RASJONEN IKKJE ALLTID NOK

Ein del mjølkebønder får likevel ikkje positiv respons av å ta inn halm eller anna fiberrikt grovfôr i rasjonen. Spesielt gjeld dette der surfôret er tidleg/middels hausta raigras, eller når kyrne går på ungt beitegras/ nullbeiting med ungt gras. Altså fiber/strukturfattig gras og surfôr. Det er fleire årsaker til at fettprosent i mjølka då kan krype langt ned på tre-talet:

 Fleirumetta fettsyrer i slikt gras (linolensyre og linolsyre) hemmar nedbrytinga av NDF i vomma

 Høgt sukkerinnhald i slikt gras reduserer pH og eddiksyrenivået i vomma (figur 2)

 Når pH i vomma samtidig er låg, endrar vommikrobane på desse fettsyrene til trans-fettsyrer. Desse kjem snart over i blodet og fungerer som bioaktive komponentar (CLA) som hemmar sjølve mjølkefettsyntesen i juret nærast uansett fibernivå. Tilførsel av halm hjelper erfaringsvis ikkje særleg mykje.

Her er det ikkje lett å vere rådgjevar, for effekten av dei fleirumetta fettsyrene i graset får ein  ikkje gjort noko med før ein reduserer mengda av denne typen gras i rasjonen. No er det ikkje store mengder fleirumetta fettsyrer i slikt gras, men likevel nok til å gje ein tydeleg negativ effekt på fettprosent i mjølka.

Det er også problematisk at det samtidig er politisk korrekt å ha kyrne på beite. Intensiv beitedrift kan dessutan gje lågare kostnadar fordi kraftfôrmengda går ned per liter mjølk. Helse og trivsel for dyra er òg moment å ta med.

Mange dyrkar raigras fordi det gir stor avling med potensielt tre-fire slåttar, og fungerer positivt på mjølkeytinga i intensive driftsopplegg. Spørsmålet er då om raigras er tingen dersom delmålet er høg fettprosent i mjølka? Svaret er eit rungande nei!

 

fettprosent-mjolk2

Foto: Frida Meyer  

 

KRAFTFÔRKVALITET

Kraftfôret vårt har kvalitetar tilpassa ulike behov.

TopLac® har potensiale for høgast mjølkeyting og høgast surfôropptak. Den er også god på kjemisk innhald i mjølka. Samansetninga er brei og allsidig, men har generelt høgt nivå av vombestandinge råvarer samt høgt nivå bufferstoff. TopLac har høgare kilopris, men den høge konsentrasjonen gjer at prisen på energibasis er i klasse med Melketopp.

Melketopp™ har meir fiber og gir derfor endå betre vommiljø enn TopLac og er truleg betre på fettprosent i mjølka. Men den er ikkje like god på mjølkeyting grunna lågare AAT- og energikonsentrasjon. Om grovfôret er fiberfattig, er Melketoppserien ekstra interessant. Pris per kilo er gunstig.

Smørbukk™ er mynta på dei som kan ligge lågare i mjølk (5-7.000 kilo EKM per ku per år) og som er på jakt etter høgast mogleg fett- og proteinprosent i mjølka. Her har vi vektlagt vommiljøet og komponentar som stimulerer mikrobiell utvikling.

Nor500™ har høgt nivå lettløyseleg stivelse og gir dermed høgare vombelastning enn andre kraftfôr. Det har samtidig gunstig proteinnivå (15,5-16 prosent). Nor500 er ofte økonomisk interessant å «toppe rasjonen» med i kombinasjon med TopLac, spesielt til kyr som får små dagsrasjonar med kraftfôr. Jmfr. figur 3. Prisen er også svært gunstig, også på energibasis.

 

OPTIMALT GRASSORT OG HAUSTETIDSPUNKT

pH blir også påverka av kor tørt grovfôret er. Ein nederlands forskar hevda på Grovfôrkonferansen (Stjørdal, 2018) at surfôr under 30 prosent TS fører til raskare nedbryting, og større pH-fall i vomma enn tørt grovfôr (Abbink). Fiskås erfaringar er at veldig mange kundar i årevis har snakka varmt om tørt grovfôr sin positive effekt på kua sin gjødselkonsistens. pH i vomma blir nok høgare av velberga høy (og tørre rundballar) enn av vått surfôr når haustetidspunktet er det same.

Det optimale NDF-innhaldet i surfôr i dagens mjølkemarknad er etter mitt syn 500-550 g/kg TS, og med ufordøyeleg fiber (iNDF) 130 til 170 g/kg TS. I praksis snakkar vi om timotei/engsvingel hausta nokre dagar etter begynnande skyting. Denne typen grovfôr, helst fortørka til 28-35 prosent TS, gir ein veldig god effekt på vomfunksjonen, gjødselkonsistensen, eddiksyreproduksjonen i vomma, fettprosent i mjølka, klauvhelsa og fruktbarheita. Forutsetninga er vellykka gjæringskvalitet, og helst nøytral PBV.

Dårleg gjæringskvalitet øydelegg sjansane for høg fettprosent fordi fôropptaket går ned, og eddiksyregjæringa blir svakare. God gjæringskvalitet (null smørsyre, lite ammoniakk, høgt sukkernivå) må ha høgste prioritet.

Raigras har for mange faktorar som talar mot seg, og dei mest intensive bøndene bør vurdere å endre grassort samt utsette slåtten fram til graset faktisk har skote. Dette for å sikre nok fiber i rasjonane og å sikre at vomma produserer eddiksyre, og at jur og vom ikkje blir hemma av fleirumetta fettsyrer frå graset.

Mange bønder utset også slåtten i lengste laget, og endar ofte opp med surfôr som er hausta to til fire veker for seint. Også dette svekker fettprosent i mjølka fordi fordøyelegheita av grovfôret i vomma blir så låg at eddiksyreproduksjonen går ned. Jmfr. «smørkrisa» i 2011. Vêrforholda er upålitelege og kan lett føre til endå seinare slått enn planlagt. Gjæringskvaliteten blir òg svekka då. Oppfordringa er å vere meir på hogget etter begynnande skyting av strået. Begynn slåtten straks ein ser at det vêrmessig ligg an til eit visst «haustevindu». Effekten er mellom anna høgare fettprosent i mjølka.

 

fettprosent-mjolk-3

Foto: Frida Meyer

 

KRAFTFÔR OG FÔRINGSTEKNIKK

pH i vomma blir påverka av mange forhold, og er mellom anna avhengig av kva rasjonen elles består av. Figur 2 viser at stivelse- og sukkerrike rasjonar gir lågare pH, og meir propionsyre-og smørsyre-produksjon i vomma. Slike rasjonar  svekker derfor i utgangspunktet fettprosent i mjølka. Rett nok brukast smørsyre i fettsyntesen i juret, men denne er kvantitativt mykje mindre enn eddiksyre og bør ikkje vektast like hardt.

I rasjonar som gir lågare vom-pH dominerer bakterieartar som bryt ned stivelse og sukker, medan bakteriane som bryt ned NDF blir ineffektive, og reduserte i tal.

Motsett: I rasjonar som gir høg pH dominerer bakterieartar som bryt ned NDF. Det er her eddiksyra blir danna.

 

STABILISERE VOMMILJØET

Det er derfor viktig å fôre skånsamt med kraftfôr då bakteriane er sensitive for pH endringar. Det er nettopp dette som gjer at amerikanarane, og no også danskane, stort sett fôrar med fullfôr («TMR») der alt kraftfôret er blanda saman med grovfôret, og dyra får ein konstant miks frå veke til veke uavhengig av mjølkeyting. Ein opplever då høgare mjølkeyting og meir stabilt kjemisk innhald i mjølka. I Norge er ikkje TMR vanleg, men mange større besetningar lagar ein grunnmiks av rundballar med ulik kvalitet og eventuelt halm og heilsæd, og det er også vanleg å blande inn nokre få kilo kraftfôr i miksen. Hovudmengda kraftfôr gjevast så i automat. Målet er å stabilisere vommiljøet og dermed auke totale inntekter og redusere kostnadane. Grunnmiks er positivt for fettprosent i mjølka.

Fleirtalet av norske mjølkebønder brukar likevel separat fôring (manuell kraftfôrtildeling eller automat), og det er sentralt å dele opp kraftfôret i mange små porsjonar for å ikkje svekka vommiljøet for hardt. Vi tilrår max tre kilo per mål, optimalt er kanskje max 2 til 2,5 kilo. Altså at det er ønskeleg at ei ku som skal ha 13 kilo kraftfôr per dag får minst sju tildelingar. Det å samtidig tilby grovfôret etter appetitt, gjer at pH-svingingane i vomma blir mindre gjennom døgnet, og fettprosent i mjølka blir høgare. Det same med grovfôropptaket.

Dersom kua berre får grovfôr, vil sjølv små mengder med stivelsesrikt kraftfôr, som Nor500, verke positivt på fettprosenten. Men etterkvart som kraftfôrrasjonane blir større blir vombelastninga for stor fordi lågare vom-pH blir eit aukande problem. Det blir meir og meir propionsyre-gjæring av kraftfôr, dette med redusert nivå eddiksyre som resultat, og fettprosent i mjølka fell (som vist i figur 3).

Proteinprosenten i mjølka vert derimot positivt påverka.

 

screenshot-2019-10-10-at-133710

Figur 3. Samanheng mellom fôrrasjonens vombelastning og fettinnhaldet i mjølka (etter Volden, Buskap 6/12)

 

MEIR OM RÅVARER OG KRAFTFÔR

Kraftfôret Roetopp er basert på roesnittar (betepulp) og blir ofte nemnt i samband med fettprosent i mjølka. Årsaka er at denne fordøyast meir langsamt i vomma enn Nor500 og Byggrøpp, og at den derfor tilfører både energi og fiber på ein skånsam måte til eit stressa vommiljø. Den er aktuell i kombinasjon med ungt beitegras/tidleg hausta gras saman med høg dose kraftfôr. Vomma får då betre vilkår. Men gjæringsmønsteret endrast i retning meir smørsyre, men det er berre unntaksvis at roesnittar faktisk aukar fettprosent i mjølka. I staden kan den hindre at pH fell unødig lågt.

Mengda umetta fett i kraftfôret til mjølkekyr er no redusert og erstatta med vombeskytta fett. Årsaka er den same som omtalt lenger oppe: Umetta fett, frå til dømes soyaolje og solsikkeolje, hemmar vommikrobane og mjølkefettsyntesen.

Maxammonbygg er ei interessant fullfôrråvare i dagens mjølkemarknad. Dette er valsa bygg med høgt ammoniakk nivå der pH er alkalisk (om lag 9). PBV er nøytral. Målingar av vom-pH både i norske og utanlandske forsøk viser meir stabil pH enn for vanleg valsa bygg. Dette talar for auka eddiksyregjæring. I praksis opplever mjølkebønder at fire-seks kilo Maxammonbygg i fullfôret aukar både fett- og proteinprosent samanlikna med propionsyrebehandla byggkross samt byggrøpp.

 

VÅRE RÅDGJEVARAR HJELPER DEG MED TILRÅDINGAR OM KRAFTFÔR VED VARIERANDE GROVFÔRTILGANG.

BESTILL NO  - Ring 51 74 33 00, eller kontakt en av våre rådgjevare

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.