Effektivt mjølkeku-kraftfôr til bønder med grovfôrmangel

Fiskå Mølle lanserer nye Toplac Fiber - eit effektivt mjølkeku-kraftfôr til bønder med grovfôr- eller fibermangel.

Kvar pellet i nye TopLac® Fiber består av det svært mjølkedrivande og energirike kraftfôret TopLac Høg (75%) samt det fiberrike og ureadempande kraftfôret Roetopp™ (25%).

TopLac Fiber er perfekt til bønder med grovfôrmangel, men som er på jakt etter meir mjølk. Det prisgunstige kraftfôret kan brukast i høgare mengder enn vanlege ku-kraftfôr utan å få problem med fordøyinga.

Med TopLac Fiber kan bonden dermed lettare ha ein høg mjølkeproduksjon av heller feit mjølk frå sunne og fruktbare mjølkekyr trass i grovfôrmangel. Kraftfôret er også interessant i besetningar som har rikeleg med surfôr, men der fiberinnhaldet er lågt (tidleg hausta gras eller raigras). Då slepp ein å kjøpe fiberrikt kraftfôr utanom i storsekk, noko som forenklar kvardagen. 


Fiskå Mølle har registrert at det er grovfôrmangel særleg i Trøndelag, Nordland og Troms. Fiskå Mølle tilbyr TopLac Fiber langs heile norskekysten frå Finnmark i nord til Agder i sør.

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.