BYGGHEILSÆD - eit effektivt grovfôr til å heve fettprosent i mjølk

Heilsæd av bygg er eit fiberrikt grovfôr som i kombinasjon med tidleg hausta grassurfôr erfaringsvis ofte gir auka fettprosent i mjølka.

Bygget bør haustast tre veker etter begynnande skyting. Forsøk har vist at blandingsforholdet mellom gras og heilsæd bør ligge på cirka 70:30 på TS-basis. Gras og heilsæd bør fôrast saman i ei blanding og ikkje kvar for seg. Samtidig er det viktig at heilsæden snittast til ei kuttelengde på 3-4 cm for å sikre eit høgt opptak.

Bygg kan dyrkast over heile landet. Sidan byggheilsæd skal stå mykje kortare på åkeren enn bygg som skal treskast til korn, så er dette absolutt eit fôrmiddel som er innan rekkevidde for alle norske mjølkeprodusentar. Heilsæd er nemleg halm og kraftfôr på ein gong. Effekten i praktisk fôring er ofte betre enn forventa ut frå analyseresultata.

 

HAUSTETIDSPUNKTET SENTRALT

Forsøk har vist at det er viktig å halde oppe fordøyelegheita i byggheilsæd og unngå for mykje ufordøyeleg NDF. Ut frå ei vurdering av avlingsmengd og innhald av stivelse bør heilsæden haustast cirka tre veker etter begynnande skyting. Å utsette haustinga utover dette utviklingstrinnet berre aukar «halm- faktoren» utan at kua responderer positivt. Snarare tvert imot. Det er også viktig å ikkje hauste for tidleg, for då er det lite stivelse i kornet.

Fôringsmessig er heilsæd mest interessant saman med tidleg hausta grassurfôr med lågt NDF-innhald (under 500 gram NDF) og høgt proteininnhald. Heilsæd i blanding med slik graskvalitet vil gje ein fôrrasjon med meir struktur (betre vommiljø) og betre proteinutnytting ved at overskotsprotein i graset (PBV) blir fanga opp av eit overskot av lettfordøyeleg stivelse i heilsæden. Det vil gje meir mikrobeprotein og dermed ein høgare AAT-tilførsel1.

Auka mikrobeaktivitet sikrar effektiv nedbryting av fiber og eddiksyregjæring som i neste omgang gir auka fettprosent i mjølka. Typisk effekt av haustetidspunktet av byggheilsæd på kjemisk innhald er vist i tabellen:

Val av haustemetode har vore mykje omsnakka. I områder kor det finnast haustelag/entreprenørar med sjølvgåande finsnittar, vil eit heilsædbord være ein relativt overkommeleg investering for å utnytte finsnittaren også til heilsæd. Dei aller fleste vil nok måtte nøye seg med slåmaskin og rundballepresse og forsøk har vist at sjølv om det blir en del tap av korn og vesentleg dårlegare kutting, vil det fungere greitt. Fastkammerpresser med rullar er ikkje tilrådeleg til heilsæd. 

 

KREV GOD PAKKING

Ved ensilering av heilsæd i plansilo/stakksilo, er det ekstremt viktig å få snitta og pakka heilsæden skikkeleg. Mykje luft blant tørre, stive strå gir risiko for varmgang. Bruk propionsyrebasert ensileringsmiddel som GrasAAT Fullfôr eller Fôrsil Våtfôr, i alle fall i toppsjiktet av siloen, og dekk til siloen ekstra godt. Kort snittelengde (3-4 cm) er avgjerande for god ensilering (pakking).

byggheilsæd
Foto: Frida Meyer

Plansilo/stakksilo:

• Gjerne med eitt lag gras over
• God pakking i tynne sjikt og ekstra lag med plast
• Ensilering med propionsyre for aerob stabilitet

 

Rundballar:

• Ensilering med propionsyre for aerob stabilitet
• 10 lag plast og god tildekking
• Vær obs på fuglar, rotter og mus, dekk godt og slepp til katten!

 

GODE ERFARINGAR I FELT

Eg har over fleire år fulgt med på oppnådde resultat hos dei av våre kundar som kombinerer byggheilsæd saman med tidleg hausta grassurfôr i fullfôret. Desse har oftare høgt kjemisk innhald også når målet er høg mjølkeyting. Dette spesielt der gras og bygg/kveiteheilsæd er hausta slik det er beskrive over. Når det samtidig er grunn til å tru at fettbetalinga for mjølka vil bli endå høgare i framtida, er dette kunnskap som kan vere veldig lønsamt å ha med seg.

 

Kontakt våre rådgivere for mer informasjon om grovfôr

 

Kjelder:

1. Harald Volden, TINE
2. Jaakkola et al, Finland, 2001
3. Erik Brodshaug, TINE