<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Vinterfôring av drektige søyer

Det er nå den rolegaste tida på året i dei fleste sauehusa. I takt med at kostnadane i landbruket stig, aukar fokuset på å fôre rimelagast mogleg i denne perioden.

Av: Leif Malvin Eggebø, tilskotsfôransvarleg og rådgjevar drøv

Om du har rikeleg med grovfôr av god kvalitet er det fullt mogleg å fôre kun grovfôr til vaksne søyer i normalt godt hald fram til ca. 6-8 veker før lamming.

Påsettlamma bør få noko kraftfôr gjennom heile vinteren, og gimrane og vaksne søyer i dårleg hold kan også godt få litt ekstra kraftfôr. For å sikre friske og livskraftige lam er det likevel avgjerande at søyene får god mineral og vitamindekning gjennom heile drektigheta.

Sjølv om haldjustering av søyene helst bør skje før paring, er det likevel mogleg å gjere tiltak også i drektighetstida. For sterk fôring like etter paring kan verke negativt på utviklinga av morkaka, noko som aukar faren for svake og daudfødde lam. I siste trimester vil fostertilveksten blir prioritert framom å legge ekstra hald, så sterk fôring i den perioden kan gje utfordringar med for store foster. Det er difor anbefalt å fôre på ekstra hald i andre trimester av drektigheta.

For å oppnå eitt poeng ekstra på haldvurderinga må søya avleire ca. 10 kg feitt. Om dette skal gjerast med ekstra kraftfôr, tilsvarer det 0,8 kg per dag i ca. to månader.

Etter forsterteljing er det viktig å sortere søyene etter alder, antal foster og hald, og tilpasse fôringa deretter. Det er lettast å haldvurdere like etter klipping. Ca. 6–8 veker før lamming bør ein begynne oppfôringa av søyene som har mange foster. Overgong til mjølkekraftfôr bør skje 2–4 veker før lamming.

 

kraftfôrval i drektighetsperioden

Fiskå Mølle tilbyr to ulike kraftfôrtypar til bruk i denne perioden, Sau/Lam Appetitt og Sauefôr Drektig. Sistnevnte inneheld ekstra mineral og vitamin, og er særs rikt på selen og Evitamin. For dei som gjev alle søyene litt kraftfôr gjennom heile vinteren vil dette vere det naturlege kraftfôrvalet, då behovet for mineral og vitamin vert dekka ved 3–5 hekto per dag, avhengig av størrelsen.

Dersom ein del av søyene ikkje får kraftfôr, er det avgjerande viktig å gje ekstra tilskot av vitamin og mineral utanom. Slikkebøtta Toplick Sau kan setjast inn i bingane, og søyene vil då styre opptaket etter behov. Tilby saltslikkestein ved sidan av slik at opptaket av Toplick Sau ikkje blir unødig høgt grunna saltmangel.

Om du er oppteken av å halde kostnadane nede tilrår vi pulveret Premium Drektig Sau, med dosering av 30–50 gram per dyr per dag. Prisen for dette er 54 til 89 øre per sau per dag, og er det mest lønnsame alternativet. Som kraftfôr til påsettlamma og dei som treng litt ekstra fôring, tilrår vi å bruke Sau/Lam Appetitt. Denne inneheld mindre mineral og vitamin enn Sauefôr Drektig, og det vil difor vere fornuftig å gje 20–30 gram Premium Drektig Sau, eller fri tilgong til Toplick Sau også til dei som får kraftfôr. 

 

 

 

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.