<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

TopBull MAX løyste at høg mengde kraftfôr ga lause magar og slappe kalvar

Storbonden John-Magnus Gomo (33) driv intensiv framfôring av innkjøpte NRF-oksar. Han meiner det er vesentleg å få god tilvekst i ung alder, og har i fleire år forsøkt å lage fullfôret til kalve-gruppa så konsentrert som råd. Alle konkurrerande kraftfôr i marknaden er utprøvd med dårleg resultat; kalvane fekk diare og blei både slappe og skitne. Men etter påske fekk han kjøpt TopBull MAX frå Fiskå Mølle, eit kraftfôr som er basert på Maxammonbygg. No har alt endra seg; magane er gode og kalvane er kvikke. No går han for å auke mengda slakt i klasse O+.

 

John-Magnus Gomo bur ikkje så langt frå Verdal; like ovanfor Vuku i Nord-Trøndelag. Han overtok garden og mjølkeproduksjonen i 2013. Han kom etter kvart til at kjøtproduksjon på innkjøpte oksar var meir interessant å satse på, og bygde om det gamle kufjøset til kalve- og kvigeavdeling med spaltegolv, samt ferdigstilte i 2015 heilt nytt fjøs til framfôring av oksar frå 6 månads alder til slakting. Han disponerer i dag 900 daa grasmark, og kjøper inn ca. 350 oksekalvar i året. 90% av dyra er NRF der brorparten er oksar.

 024

John-Magnus Gomo slo til med det same TopBull MAX blei lansert i april. Det angrar han ikkje på.

 

MAXAMMON HAR EIT GODT RYKTE

John-Magnus har i lenger tid høyrt om dei gode erfaringane ved bruk av valsa og Maxammonbehandla korn til slakteoksar.

-Det er viktig for landbruket at norsk storfekjøt blir produsert mest mogleg på norske fôrvarer. Så at vi no gradvis aukar norsk kjøtproduksjon på norske ressursar med minst mogleg importert soya er for meg veldig viktig, understrekar den engasjerte bonden.

 

Gomo er også oppteken av at TopBull MAX har eit proteinnivå tilpassa hurtigveksande ungdyr, noko han meiner er viktig for eit godt sluttresultat. Han slo til med det same TopBull MAX blei lansert i april. Det angrar han ikkje på. For oksekalvane hans i alderen 2,5 til 6 månader får ein kalvemiks som inneheld heile 45% kraftfôr og 55% surfôr! Den konsentrerte blandinga fungerer no svært godt, og han ventar å sjå resultata av den positive vendinga ved slakting neste vår.

 

035

Det er viktig for landbruket at norsk storfekjøt blir produsert mest mogleg på norske ressursar, meiner Gomo

 

3 FULLFÔRMIKSAR PER DAG

Den andre fullfôrmiksen blir gitt til oksar i alderen 6 månader og heilt fram til slakt. Denne inneheld 16% TopBull MAX. -Siste tida har grovfôret vore kun surfôr, men eg har tidlegare gitt ein del snitta halm for å sikre god vomfunksjon, opplyser Gomo. Oksane slaktast ved 14,5 månaders alder, og har til no vore ca 280 kg i snitt med gjennomsnittleg fettgruppe 2+.

Kvigene går i den andre enden av det ombygde fjøset, og får normalt ein svakare miks med kun 7% TopBull MAX.

-Kvigene veks seinare enn oksane, og må ha svakare fôring for å ikkje blir for feite, resonnerer den offensive bonden. Dei slaktast i alderen 14-18 månader.

-Men nyleg slakta eg 20 kviger som no i vår og sommar har gått saman med oksane på deira miks med 16% kraftfôr. Etter 3 månader der slakta eg dei, og utruleg nok fekk ingen av dei høgare fettgruppe enn 3. Kan det vere at TopBull MAX gir betre tilvekst og mindre fettrekk? spekulerer John-Magnus på.

 

Mistanken hans blei forsterka da han nyleg leverte til slakt ein heil binge med Hereford + Angus oksar i alderen 15 månader. Også dei har fått TopBull MAX i 3-4 månader. Slakta vog i snitt 306 kilo, kjøtfylde O+ og R-, og fettgruppe 2+. Ingen fekk fettrekk!

 

003

Med TopBull MAX har alt endra seg; magane er gode og kalvane er kvikke

 

2 FULLFÔRVOGNER

Alle 3 fullfôrmiksane transporterast på band i taket, og dumpast på fôrbrettet akkurat der John-Magnus seier det skal leggast, samt kor ofte og kor mykje. Systemet er bygt ut i alle avdelingar.

-For å få ei automatisert fôring med ulike miksar tilpassa dei ulike dyregruppene, kom eg til at ein måtte kombinere 2 fullfôrvogner for å få det til. John-Magnus viser velvillig fram det avanserte datasystemet på dei ulike displaya på fullfôrmiksarane.

- Den første miksaren blandar berre surfôrballar og evt. halm. Her må eg sørge for å «mate på» slik at fullfôrvogna ikkje går tom. Miksarane er aktive 24 timar i døgnet.

- Den andre miksaren tek i mot ferdig grovfôrmiks frå miksar 1 i kontrollerte mengder, og blandar inn gruppetilpassa mengde kraftfôr automatisk. Deretter overførast ferdig miks til transportbandet, som fôrar det ut. Miksar 1 kan også legge grovfôr direkte på bandet om ønskeleg.

 

051

Ved å kombinere 2 fullfôrvogner kan ein lettare få til ei automatisert fôring med ulike miksar tilpassa ulike dyregrupper

 

ENDRA KVALITETSTILLEGG GIR INTERESSANTE UTFORDRINGAR

I år må ein ha kjøtfylde O+ for å få kvalitetstillegget på 7 kr per kilo. Til neste år aukast dette til kr 7,50 med krav til maks 4- i fettgruppe.

- No når ungdyrmiksen fungerer betre, trur eg tilveksten faktisk blir betre. Dessutan ser eg for meg å innføre ei ny oksegruppe i fôringa i alderen 6 til 12 månader. Desse skal få ein meir konsentrert rasjon: Til dømes 16% TopBull MAX og 16% Maxammonbygg. Gruppa frå 12 månader og fram til slakting ved 16 månaders alder skal få berre surfôr og Maxammonbygg + mineraltilskotet Premium KornKross.

 

037

Gjødselkonsistensen er fin og dyra er reine

 

Underteikna er einig i at dette er vegen å gå. Totalt vil dette gje betre energidekning og meir stivelse til vommikrobane. Det gir betre fordøying av grovfôret. Ei gradvis lågare proteinforsyning frå kraftfôret mot slutten er fagleg sett smart med tanke på tilvekst og fôrutnytting. Ei noko utsett slakting vil også gje høgare kjøtfylde. Det er totalt sett rom for høgare fettgrupper i hans opplegg utan at det blir problematisk. Men her må ein føle seg fram til perfekt slaktetidspunkt.

TopBull MAX er også tilsett vitamin og mineral, i motsetning til Maxammonbygg som naturleg nok manglar dette. Dette gjer Maxammonbygg-effekten tilgjengeleg også til oksefjøs utan fullfôr. TopBull MAX kan godt brukast som eit all-round kraftfôr heilt fram til slakting.

 

011 (1)

Faren John Gomo er aktiv hjelpar på garden. Her i den ombygde kalveavdelinga

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.