Fiskå Lammedrikk er eit kvalitetsprodukt til lam og kje basert på spraytørka mysepulver. Dette sikrar hurtigveksande og friske dyr.
Ta kontakt for mer informasjon
Relaterte artikler
Godt gjort er bedre enn godt sagt
Vellukka kopplamoppdrett med Fiskå Lammedrikk
Fiskå Lammedrikk er eit kvalitetsprodukt til lam og kje basert på spraytørka mysepulver. Dette sikrar hurtigveksande og friske dyr.
Fiskå Lammedrikk er eit kvalitetsprodukt til lam og kje basert på spraytørka mysepulver. Dette sikrar hurtigveksande og friske dyr. Fôret er grundig testa i Rogaland våren 2024 og 2025 til lam. Tilbakemeldingane var svært positive: Høg tilvekst, friske og livskraftige lam, lett å blande ut og lite bunnfall.
Fleire og fleire har gått til innkjøp av fôringsautomatar, både av typen som blandar vatn og pulver sjølv, og av typen der bonden sjølv blandar ut på førehand i store dunkar («lammebar»).
Fiskå Lammedrikk fungerer svært godt til begge. Alle mysepulverbaserte mjølkeerstatningar tåler dårleg høg varme (vasstemperaturar over 55 grader). Ein må derfor sjå til at ein ved utblanding har moderate vasstemperatur. Ein må vidare unngå hard pisking med elektrisk drill, då dette skadar fettkulene i produktet. Ein må altså sørge for skånsom handtering. Det er viktig for lammehelsa og tilveksten å sikre stabilt opptak av mjølk gjennom døgnet. Då MÅ ein sørge for at drikken har konstant temperatur heile tida. Har du automat av lammebar-typen utan eigna varmekolbe, er det sentralt at drikken må ha romtemperatur ved tildeling.
Sidan søya berre har to spenar, er det smart å sikre at dei to som går med mora er omtrent jamstore. Dette for å sikre lik konkurranse om spenane/mjølka. Om det tredje er størst, er det uansett fornuftig å skille frå dette meir kraftige lammet og tilby eiga mjølkefôring til dette. Om det tredje lammet er minst og dermed svakare enn dei to andre, må ein likevel vurdere om dette har best odds om det får gå med mora.
Alle lam må få råmjølk frå mora si det første døgnet, og gjerne også det andre. Dette sikrar lamma tilgang på rett type immunstoff, slik at dei er betre rusta mot sjukdomar i det vidare fôringsregimet. Om mora døyr i lamminga eller om den produserer for lite mjølk, og ein samtidig ikkje lykkast i få ei anna søye til å ta lamma, kan ein alternativt tilby råmjølk frå mjølkekyr. Nedfryst råmjølk frå ku er fullt brukbar.

Alle lam må få råmjølk første døgn.
Det fråskilde lammet plasserast frå 2. eller 3. levedøgnet i ei mindre gruppe med lam og tilbydast opplæring til å drikke mjølkeerstatning, maks 15 lam pr gruppe.
Små grupper er nødvendig for å kunne gjennomføre god helse-kontroll. Desinfiser navlen for å unngå infeksjonar. Mange bønder i Norge brukar lammebar (bøtte eller dunkar med smokkar), og dette ser ut til å fungere veldig godt forutsett rett fôringstrategi.
Lamma lærer raskt å drikke av kvarandre. Dei første lamma i flokken er mest krevjande å lære opp. Lamma må då tvangsfôrast i automaten 4 gongar i døgnet med jamne intervall inntil lamma tek smokken sjølv. Av opplæringsårsaker er det ein fordel om ein dei to første dagane held ein temperatur på mjølka på 40-42 grader Celsius.
I system med elektroniske automatar held ein temperaturen uendra, men ved bruk av lammebar seinkar ein deretter temperaturen til romtemperatur (sjå under). Ein må også seinare aktivt sikre at nye fråskilde lam lærer seg teknikken, sjølv om opplæringa går raskare etterkvart.
Oppfôring av slaktelam («grillam») tek ca. 8 veker, og ein reknar ofte eit forbruk på ca. ein sekk mjølkeerstatning pr lam. Slaktevekta er då ofte kring 15 kg. Ein kan også lage ordinære slaktelam av overskotslamma ved å avvenne frå mjølkeerstatning så tidleg som råd og fôre overskotslamma vidare på kraftfôr, grovfôr og beite. Tilveksten blir då noko lågare, men lamma toler då ei høgare vekt før dei er slaktemodne. Ein kan då avvenne lamma ved ca. 30 dagars alder og ca 15 kg`s levandevekt (vurder både alder og vekt når det er fornuftig å avvenne). Lamma skal da vera godt i gang med å ete kraftfôr.
Beste kraftfôrval er «Fiskå Sau/Lam Appetitt» og «Lam Beite». Sistnemnde er ekstra fiberrik er bør veljast i system er lamma har bra tilgang på ungt godt beitegras. Lamma likar godt smaken av begge, og dei toler det godt, og tilveksten blir god. Det er best at lamma får ei gradvis avvenning frå mjølkeerstatning med avgrensa fôring morgon og kveld i fire til fem dagar.
Bøttefôring/lammebar: Mål opp 2/3 av vatnet, temperatur 45-50 ⁰C. Bland inn pulver og rør kraftig til alt er oppløyst. Tilset resten av vatnet og rør om. Utfôring ved 39-42 grader. Unntak: Bruk romtemperatur ved appetittfôring frå lammebar.
Unngå varmevatn direkte frå varmtvassberedar, då dette oftast held 60 grader eller meir. Ved slike temperaturar denaturerer protein og vitamin, og redusert tilvekst samt sjukdom blir resultatet. Bruk temperaturmålar!
Temperaturen på mjølka skal hjå tilvende lam som får drikke frå lammebarar vere som i omgjevnaden elles (romtemperatur, dvs. 13-20 grader). Ved høgare temperaturar vil nemleg lamma når ny, varm drikke er servert (og utover medan den kolnar) drikke for mykje mjølk. Det same skjer dersom lammebaren går tom for mjølk – ved påfylling vil lamma drikke så mykje at løypemagen går full, og mjølk renn over i vomma. Vi tilrår derfor 100% fri tilgang på romtemperert mjølk – 24 timar i døgnet! Dette hindrar overfôring og sjuke dyr.
I mjølkeautomaten må hygiena vere veldig god. Den må skyllast i varmt vatn ein gong pr døgn. Desinfiser i tillegg kjemisk med eit vaskemiddel 2 x pr veke. I lammebarar må ein blande i ny romtemperert drikke umiddelbart etter den daglege reingjeringa.
Tilby kraftfôret Fiskå Sau/Lam Appetitt eller Lam Beite frå 4. levedagen (snitt for gruppa). Kun små porsjonar om gongen. Fjern gammalt, vått og fuktig kraftfôr dagleg. Bytt også tørt men gammalt kraftfôr ein gong pr veke. Frå 2. veka må kraftfôret tildelast etter appetitt (fri tilgang). Tilby òg velberga høy frå same tidspunkt (ikkje bruk kløver-høy). Høyet tilbydast frå ei krybbe der lamma ikkje kan gå eller skite i. Høy saman med kraftfôret er positivt for utvikling av formagane. Vatn bør tilbydast frå bøtter allereie frå 1 vekes alder. Vatnet skiftast ut dagleg, og bøtta gjerast rein innvendig og utvendig samtidig. Tilby saltslikkestein ved sidan av kraftfôr og vatn. Dette gjer overgangen til kraftfôr lettare, og det reduserer faren for problem i oppdrettet.
Med rett råmjølk, skånsam handtering av mjølkeerstatninga, god hygiene og stabile rutinar gir Fiskå Lammedrikk eit trygt og effektivt grunnlag for å lykkast med kopplam – frå første døgnet og heilt fram til slakt. Ta kontakt med din lokale rådgjevar om du vil vite meir!
Godt gjort er bedre enn godt sagt
Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?
Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.