<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Grovfôrprøvar

No er hausten og innefôringssesongen snart her, og fleire vil kanskje sende inn grovfôrprøvar til analyse for å få oversikt over kvaliteten på surfôret. Her kjem ein liten guide til korleis ein kan sikre seg eit mest mogeleg korrekt resultat.

 

NÅR I PROSESSEN BØR EIN TA UT PRØVE?

Ein tommelfingerregel er å vente 6-8 veker etter siloleggjing før ein tek ut prøve. Dette er for at dei kjemiske prosessane som føregår i ensilert fôr skal vere ferdige, slik at fôret er stabilt. Tek ein ut prøve for tidleg risikerer ein at næringsinnhaldet endrar seg etter uttaket, og ein sit igjen med ei prøve som ikkje beskriv det ein fôrar dyra med nokre månadar seinare.

 

6

 

KORLEIS TEK EIN UT EI REPRESENTATIV PRØVE?

For at tala du får på analysebeviset skal stemme mest mogeleg overeins med det dyra får i seg er det viktig at prøven som vert sendt inn er representativ for akkurat ditt fôringsopplegg. Blandar ein fleire slåttar under fôringa kan ein gjerne sende inn ein felles prøve for alle tre, men om ein skal fôre berre ein slått om gongen bør ein sende inn ein prøve for kvar slått.

 

Uttak med prøvebor er anbefalt, slik at ein ikkje berre får det fôret som ligg øvst i siloen. Har ein prøvebor bør ein ta prøvar fleire stader i det aktuelle partiet slik at eventuelle variasjonar vert teke høgd for. I ein silo bør ein ta ut 5-7 stikk frå forskjellige plassar. Skal ein ta prøvar av eit parti rundballar bør ein ta 2-3 stikk frå 2-3 ulike ballar. Har ein ikkje prøvebor er det anbefalt å fjerne det øvste laget i siloen ettersom det kan vere påverka av lufttilgang.

 

3 (3)

 

KOR MYKJE FÔR BØR EIN TA UT?

Laboratoriet treng meir av ein våt prøve enn av ein tørr prøve ettersom det er tørrstoffet som vert analysert. Som eit utgangspunkt kan ein rekne om lag 300 gram for ein standard analyse, og 100 g ekstra for kvar eventuell tilleggsanalyse.

 

1 (11)

 

KVA FOR ANALYSAR SKAL EIN VELJE?

I dei aller fleste tilfelle dekkjer ein standard NIR-analyse dei parametrane ein treng. Her får ein alle dei mest vanlege måla på næringsinnhald, NorFor-verdiar samt nokre gjæringsparametrar. Har ein problem med dårleg lukt og/eller farge, at kyrne ikkje vil ete fôret eller med feilgjæring generelt kan det òg vere lurt å velje ein utvida analyse for gjæringskvalitet. Dersom ein mistenkjer at fôret inneheld sporar eller på anna sett er forureina av mikroorganismar kan ein velje å ta ein hygienisk analyse. Ein kan òg bestille ein mineralanalyse dersom ein vil fastslå mineralinnhaldet i surfôret.

 

2 (2)

 

UTFYLLING AV SKJEMA OG INNSENDING AV PRØVE 

Når den representative prøven er teken ut, blanda saman og pakka i ein lufttett plastpose er den nesten klar til innsending – berre følgeskjemaet manglar. Det skal vere eitt prøveskjema pr. prøve. Obligatoriske felt er merka med stjerne, dei andre fyller ein ut så godt ein kan om det er ynskjeleg. Ein kan sende inn via posten, eller via ferdigfrankerte innsendingskonvoluttar frå Eurofins. Det er anbefalt å sende inn prøven tidleg i veka slik at den ikkje vert liggjande på posten over helga og potensielt vert dårleg.

 

4 (3)

 

FORDELER MED FÔRPRØVE

  • Presise verdiar for næringsinnhaldet i grovfôret – det er ofte annleis enn ein trur
  • Meir effektiv produksjon (mjølk, protein- og fettprosent) ved val av kraftfôrtype som passar til akkurat ditt fôr
  • Viktig steg for å kunne løyse eventuelle besetningsproblem relatert til fôring sporar i mjølk, fruktbarheit, dårleg mineraltilføring, osb
  • Gjer ein peikepinn på kva ein gjer rett og gale i ensileringsprosessen

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.