<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Erfaringar frå 2018: Gode råd ved grovfôrmangel

Tørken er begynt å bli merkbar, spesielt i sør og aust, men også i Sør-Rogaland. I regnfattige områder med tørkesvak jord er avlinga frå 1. slåtten rapportert heilt ned i mot 20% av normalen.

Kjell-Rune Vik, produktsjef drøvtyggarfôr

Med kun førsteslåtten under plast er det for tidleg å «male fanden på veggen» allereie no. Men om tørken skulle fortsette utover sommaren, er det fornuftig å tenke gjennom kva tiltak ein bør gjere først. Å kome i gang med tiltak tidleg er smart, då dette reduserer skadepotensialet i stor grad.

Endeleg avling veit ein jo først når siste avling er kome i hus i haust. Vi må hugse at i tørkesommaren 2018 var det tredjeslåtten som berga situasjonen for mange. Her er likevel nokre tommelfingerreglar for korleis du bør tenke.

Start med å ta grovfôrprøver, og kartlegg tørrstoffavlinga di, og samanlikn tilgangen mot normalsituasjonen, inklusiv kor mykje surfôr du har liggande som bufferlager. Fiskå Mølle kan bidra her med både analysar og avlingsberekningar.

Grovfôravling over 60% av normalen

Får du ei total grovfôravling som er ned mot 60 prosent av normal mengde (TS-basis), og du samtidig har bra med struktur i graset, vil det vere lønnsamt å erstatte heile mangelen med spesialkraftfôr tilpassa høgtytande dyr.

Mjølkeku og -geit

1. A) ved 2 kraftfôrsiloar:
  • Bruk framleis TopLac, Melketopp og Kraftfull i kraftfôrsilo nr 1
  • Skift til FiberMix, Roetopp eller RoeKjerne i kraftfôrsilo nr 2, og auk doseringa
1. B) ved 1 kraftfôrsilo:
  • Trapp opp doseringa av TopLac, evt. skift til TopLac Fiber, evt. Melketopp-serien. Alle desse er meir fiberrike enn TopLac.

Slakteoksar:

  • Auk fôrstyrken med TopBull MAX. Om fibermengda i totalrasjonen blir for låg (laus gjødselkonsistens), skift til TopBull Fiber på neste lass.

Kviger:

  • Høgare nivå kraftfôr gjennom heile oppdrettet, t.d. Nor500, Melketopp, FiberMix etc.
    Holdvurdering!

Ammeku:

Sikre god tilgang til halm, og prioriter denne i sintida. Bruk det du har av surfôr etter kalving, gjerne i kombinasjon med halm. Råd om kraftfôr og tilskotsfôr (type og dosering) får du med din rådgjevar i Fiskå Mølle.

Sau:

  • Vurder Sau/Lam Appetitt heile året i høgare doser enn normalt, t.d. ½ kg meir per dag. TopLac Sau Fiber i lamminga.

 

P1100437

 I regnfattige områder med tørkesvak jord er avlinga frå 1. slåtten rapportert heilt ned i mot 20% av normalen. Foto: Frida Meyer

Grovfôravling under 60% av normalen

Er totalavlinga av grovfôr meir alvorleg, altså under 50-60 prosent av normalavling, men der avlinga har middels fiberinnhald, bør du skaffe deg grovfôrgrunnlag minimum opp til dette nivået (halm, høy eller surfôr). Resten dekkast med kraftfôr, slik som beskreve ovanfor.

Men om mesteparten av avlinga er raigras eller tidleg hausta fiberfattig gras bør mengda med fysisk fiber i rasjonen aukast for å sikre vomfunksjonen. Mest effektivt er det å bruke ein del snitta halm eller frøhøy i tillegg til fiberrikt kraftfôr som t.d. Roetopp/RoeKjerne. Og at ein gir tilpassa kraftfôr utover dette etter råd frå din fôringsrådgjevar i Fiskå Mølle.

 

Andre tips

  • Hugs at auka mengde kraftfôr i kurasjonen må gjevast i mange små porsjonar - maks 3 kilo per ku per mål etter ein opptrapping som oftast tek mange veker. Ei ku som til slutt skal ha 18 kilo kraftfôr må ved separat fôring ha minimum 6 rasjonar per dag, helst 8 rasjonar.

  • Ved all grovfôrmangel er det avgjerande å kome i gang med grovfôrsparande tiltak så raskt som mogleg, gjerne allereie i juli/august. Det å gje kyrne 2 kg ekstra kraftfôr i 7 månader er lett, men å gje 7 kg ekstra kraftfôr i 2 månader er uråd.

  • Ved behov for å fysisk avgrense grovfôrtildelinga til storfe, sau og geit er det avgjerande at alle dyra har tilgang til fôrbrettet samtidig. Ved avgrensa tal eteplassar ein blande inn halm/fiberrikt grovfôr slik at dyra blir tilstrekkeleg mette før fôrbrettet er tomt.

 

Alvorleg grovfôrmangel: Reduksjon i dyretalet

Å redusere antal livdyr er det siste ein bør gjere. Om du er svært hardt råka, så prøv å behalde så langt du kan dei livdyra du vanlegvis har i ditt driftsopplegg. Kartlegg alle tilbydarar av grovfôr i området slik at du sikrar minimum 50-70 prosent av normal mengde grovfôrtørrstoff ved appetittfôring.

Å selje gode produksjonsdyr (livdyr) til slakt er svært lite lønsamt når du må kjøpe desse tilbake neste år til fullpris, alternativt bygge opp att besetninga di over fleire år. Dessutan tapar du produksjonsinntekt og tilskot i komande sesong, samt kanskje i fleire år framover! Unngå derfor reduksjonar i basis produksjon.

Framskund utrangering av mjølkekyr med mindre ønska eigenskapar.

Slaktealder for oksar bør også vurderast; auk gjerne intensiteten i fôrstyrken for å spare grovfôr per slakt. Slik fôring krev 1-2 månader tidlegare slakting for å unngå feittrekk. Vurder òg om du bør selje oksane som kalv og dermed droppe framfôringa komande vinter. Sal av livkviger er også eit nød-alternativ FØR utslakting av gode mjølkekyr.

 

Har du spørsmål? Kontakt din lokale rådgjevar i Fiskå Mølle.

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.