Slik får du kontroll på ventilasjonen i grisehuset

Dårleg klima kan føra til låg tilvekst, høgt fôrforbruk, halebiting og sjukdom. Her er grepa som gir deg kontroll over miljøet i grishuset.

I desember inviterte Fiskå Mølle til eit møte på Bryne med spesialkonsulent Erik Damsted i SEGES, København. Her er klimaekspertens beste råd for å sikra optimal ventilasjon i grishuset.

 

Viktig ventilasjonskurve

Minimumsventilasjonen er den minste luftmengda som trengs for å fjerna fukt- og CO2-produksjonen til grisene. Kravet til minimumsventilasjon varierer med storleiken på grisene, og bør følgja ei kurve som følgjer tilveksten til grisene. I nyare anlegg er det mogleg å leggja inn ei slik kurve. Pass på at temperaturforandringa ikkje vert for brå når det er kaldt ute.

Maksimumsventilasjon er den luftmengda som trengs for å sikra at det ikkje vert for varmt i grishuset. Denne er avhengig av kor stor temperaturskilnad ein tillèt mellom inne- og utetemperaturen – det er vanleg å tillata 25 oC inne ved 20 oC ute.

Fleire faktorar påverkar ventilasjonen. Ytre faktorar kan vera høge fjell, tre nær grishuset eller vind. Vindpåverknad på luftinntaka oppdagar ein ved at innelufta vert sugd ut av inntaksventilane. Då er det viktig å montera på regulerbar vindskjerming på luftinntaka for å oppretthalda høgt nok undertrykk. Indre faktorar er blant anna falske luftinnslepp, utforming og høgd på inventar/bingeskilje, fordeling av dyr i ei avdeling og så vidare.

 

Steng falsk luft ute

Undertrykksventilasjon er den mest vanlege typen ventilasjon i husdyrrom. Her vert lufta skifta ut ved at vifter bles ut lufta gjennom ei pipe eller ein vegg. Dermed oppstår eit undertrykk i rommet og frisk luft strøymar inn gjennom vegg/takventilar eller pustande himling.

Men undertrykksventilasjon er sårbar for falske luftinnslepp, som kan gjere at undertrykket i avdelinga vert for lågt.

Frisklufta som kjem inn gjennom ventilar vil då få for liten hastighet og verta dårleg blanda med den varme romlufta. Lufta fell følgjeleg for raskt mot golvet og det kan verta trekk på liggjeplassen. Kald trekk gir fare for sjuke dyr og halebiting.

Ved undertrykksventilasjon skal det derfor vera heilt tett i rommet for at luftfordelinga skal fungera optimalt. Lukk dørene og tett igjen luftlekkasjar! Hugs tetningslister rundt dørene og eventuelt slepelist ned mot golvet på dørene.

 

Anbefalt trykk (målt i Pascal) i husdyrrom:

Ved vanlege veggventilar: 10-15 Pa

Ved pustande himling: 25-35 Pa

 

 

 

Dersom ein monterer ein under-/overtrykksmåler (sjå biletet), skal det for minimumsventilasjon, alltid vera positivt overtrykk slik at luft skal flytta seg ut av husdyrrommet, og inn.

 

Biletet viser Erik Damsted, SESGES, som har forbunde trykket over isolasjonen på loftet med trykket i husdyrrommet. Verdien viser svakt over null. All ventilasjon er slått av.

 

Viktig med jamn fordeling

For at ventilasjonsanlegget skal fungera optimalt er det viktig at det er jamt med dyr i heile avdelinga og at dei er av mest mogleg lik storleik. I tilfelle det bare er gris i den eine enden i avdelinga, vil varmeproduksjonen verta ujamt fordelt. Det vil verta varmast der det er mest dyr og lufta byrjar å vandra fordi temperaturdifferansar gir trykkdifferansar.

Lufta krev plass. Det er anbefalt at frihøgda mellom tak og inntaksventil er 0,3 m3 per meter lufta skal bevega seg innover i rommet. Om lufta krasjar i taket eller fell for raskt, kan lufta falla ned i dyresonen som kald trekk.

 

Diffus ventilasjon - unngå tette bingeskilje

Diffus ventilasjon er ein type undertrykksventilasjon der frisklufta kjem inn på loftet og går ned til avdelinga gjennom himlinga. Her er det svært viktig med jamn fordeling av griser med same storleik i heile avdelinga for å gje jamn varmeproduksjon og dermed jamn luftstraum.

Ein annan faktor som er ekstra viktig ved pustande himling er utforminga av bingeskilja: Dei kan vera tette opp til 60 cm frå golvet, MEN må vera opne resten.

Forsøk utført av SEGES i Danmark har vist at bingeskilje som er tette heilt opp til 100 cm gir dårlegare luftskifte på liggeplassen og dermed høgare temperatur på liggjeplassen. Då er det fare for at grisene skitnar ut liggjeplassen. Sjå bilete av binge i grishus med pustande himling.

 

 

Etter besøk av Erik Damsted vart det øvste elementet fjerna og erstatta av langsgåande røyr.

I grishus med pustande himling går lufta gjennom isolasjonen som ligg på loftet. Viss det kjem snø inn på loftet på grunn av manglande eller feilmontert snøbrett, vil isolasjonen klappa saman og luftstraumen ned i avdelinga vert ujamn.

Isolasjonen bør festast med hønsetråd, armeringsnett, plater eller liknande for å unngå at isolasjonen bles opp når mykje vind står på. Det er svært viktig å inspisera loftet jamleg for å sjå etter at isolasjonen ligg som den skal og eventuelt oppdaga skader i frå gnagarar. For lite luftinntak til loftet gjer at lufta vert forvarma på loftet. Dette er svært uheldig om sommaren! Ein bør rekna minst 2-3 cm3/m3 luft.

 

Grisene fortel mykje

Det er svært viktig å følgja med på liggjestillinga- og mønsteret til grisene:

  • Sideleie - for varmt.
  • Bukleie og klumpar seg saman - for kaldt
  • Bukleie, fordeler seg langs veggane - byrjar å verta for varmt
  • Bukleie, ligg spreidd rundt på liggjearealet - passeleg temperatur

Du kan måla reell temperatur i dyresonen ved å bruka infraraud termometer (IR-termometer til dømes kjøpt på Clas Ohlson til ca. 500 kr). Mål på veggen rett over høgda på grisen.

 

Gass

Når ein snakkar om luftkvalitet i grishus er det hovudsakeleg CO2 og NH3 ein målar. Internasjonale maksimumsverdiar (CIGR) for konsentrasjonar av CO2 og NH3 er hhv. 3000 ppm og 10 ppm. For optimale produksjonsforhold i norske grishus tilrår ein at konsentrasjonen for CO2 er lågare enn 1500 ppm. Viss konsentrasjonen er høgare, bør ein tilføra varme for å auka ventilasjonen/luftskiftet.

 

Effektiv overbrusing

På varme sommardagar er det mest vanleg å auka lufthastigheten for å senka overflatetemperaturen. Overbrusing er likevel endå meir effektivt. Ein skiljar mellom høgtrykkskjøling og vanleg overbrusing. Høgtrykkskjøling senker temperaturen i lufta, men er dyrt og fungerer dårlegare viss ein har diffus ventilasjon. Vanleg overbrusing er minst like effektiv og billegare.

Overbrusinga må kjøra lenge nok slik at grisene rekk å bli våte. Det er lurt å ha overbrusinga i gang frå kl. 09 til kl. 19. Ved utetemperatur på over 18 oC, bør overbrusinga kjøra 2-3 gonger per time og vara i 2-3 minutt kvar gong. Ein kan tenka seg at det vil verta for mykje vatn som går rett i gjødselkummen, men når overbrusing vert brukt på riktig tidspunkt, fordampar vatnet raskt når det treff grisene.

 

Trekk

Definisjon på trekk: lufthastighet på meir enn 0,2 m/s ned i dyresonen. Når det er varmt om sommaren er det positivt med trekk, men i den kalde årstida kan trekk gje sjukdom og halebiting.

 

Dyrt å fyra med fôr

Om vinteren står ventilasjonsanlegget ofte på minimumsventilasjon. Viss du ikkje tilfører varme i avdelingane, vil det i periodar verta ein CO2-konsentrasjon som er over 3000 ppm. Dette er uheldig for grisene, men også for røktar. Forsøk viser at fôrforbruket går ned når ein tilset varme (det er dyrt å «fyra» med kraftfôr!). I Danmark er det vanleg med ribberøyr på veggen eller vannbåren varme for å oppretthalda eit godt luftskifte også om vinteren.

 

Energiforbruk opp 20% med skit

Når ein reingjer ei avdeling skal også viftene og pipene reingjerast. Gjerne med høgtrykksvaskar med rotordyse. Kapasiteten på viftene går ned viss det ligg på eit lag med skit og støv, og energiforbruket kan auka med opptil 20 %.

Etter vasking er det svært viktig med opptørking i avdelingane. Dette for å hemma bakteriar. Om du set inn griser, og golvet byrjar å sveitta etter ei lita stund, har det ikkje vore tørt nok i bingen før innsett. Temperaturen på golvet skal vera lik temperaturen nede på veggen – då er det tørt! For å få det heilt tørt treng ein varmetilføring. Oljekanon eller varmekanon er effektivt og det vil vera tørt etter ca. 15 timar.

 

Kontroll av anlegg

Når du har tømt ei avdeling og vaskar,  sjekk ventilasjonsanlegget og kjør det i frå minimumsventilasjon til maksimumsventilasjon. Sjekk at ventilane og vifta fungerer optimalt. Ved minimumsventilasjon skal ventilane vera lukka heilt igjen. Heng opp ein temperaturmåler som viser minimum- og maksimum temperatur rett ved temperaturfølaren i avdelinga. Då kan ein sjå om følaren stemmer og ein kan eventuelt kalibrera følaren.  Det er ikkje uvanleg at følaren til ventilasjonsanlegget viser ein annan temperatur enn reell temperatur i avdelinga. Dessutan kan det vera lurt å tre ein røyr over følaren viss han heng slik at han vert påverka av luftstraumar i frå inntaksventilane.

 

8 tips for betre klima i grishuset

  1. Ikkje slepp inn falsk luft – steng lukene
  2. Sørg for jamn fordeling av dyr i heile avdelinga
  3. Unngå tette bingeskilje høgare enn 60 cm
  4. Inspiser isolasjonen på loftet jamnleg
  5. Bruk overbrusing for å kjøla ner huset
  6. Husk god opptørring etter reingjering
  7. Unngå å «fyra» med fôr – bruk varme om vinteren
  8. Når grisene ligg spreidd utover i bukleie, er temperaturen passeleg