La om fôringa etter grovfôrmangelen

SLUTTFÔRING MED FIBERMIX GA HØG TILVEKST OG KJØTFYLDE

Då Geir Holsen fekk lita grovfôravling også i 2018, og fôret samtidig blei fiberfattig, la han om sluttfôringa av NRF-oksane sine.

Frå dei var 6-9 månader gamle fasa han stadig meir FiberMix inn i TopBull MAX-rasjonen. Siste 2-5 månadene fekk dei kun FiberMix, og fôrstyrken vart etterkvart 6,5 kilo kraftfôr per dag. Ved slakting ved 14,7 månader alder var snittvekta heile 320 kilo, og 55 prosent av oksane oppnådde O+ eller R-, resten fekk O. Snitt fettgruppe var 3-. 

Dekningsbidraget blir som kjent veldig påverka av om slaktet oppnår kjøtfylde O+ eller høgare då dette løyser ut heile 7,50 kroner per kilo i tilskot frå staten. Effekten for ein okse på 320 kilo er 2.400 kroner i rein netto! Kjøtfylde «O» løyser ut 2,50 kroner per kilo (800 kroner per slakt), medan O- eller lågare ikkje gir tilskot.

Tok over: Geir Holsen i Førde kommune i Sogn og Fjordane overtok garden i 2007.

MJØLKEBRUK MED FULLT PÅSETT

Geir Holsen i Førde kommune i Sogn og Fjordane overtok garden i 2007, har i år ei mjølkekvote på om lag 290 tonn, men har nyleg kjøpt 10.000 liter med verknad frå 2020. Han flytta inn i ny fjøs med Lely mjølkerobot samt full framfôring av eigne oksar i 2010. Eigeninnsatsen i byggeperioden var stor. Med full jobb i eit byggefirma i tillegg til garden brukte han og bror sin nesten to år på å fullføre nye fjøsen, då med god hjelp av foreldra som fjøsavløysarar. No er han heiltidsbonde, og har fortsatt god hjelp av foreldra til fjøsstellet og bror sin i dei mest hektiske dagane i slått og våronna. 

Klar for neste år: Geir Holsen har ei mjølkekvote på 290 tonn, men har nyleg kjøpt 10.000 liter til neste år.

GROVFÔRMANGEL OG KRAFTFÔRAUKE 

Etter den våte og vanskelege sommaren 2017 vart avlinga veldig redusert. Men snittkvaliteten av surfôret var middels energiinnhald: 6,02 MJ per kilo TS (0,85 FEm), men høgt fiberinnhald: 552 g NDF per kilo TS. Han strupa då inn surfôrtildelinga til 70-80 prosent av appetittfôring, og auka kraftfôrrasjonen både til mjølkekyr, oksar og kviger. Kyrne fekk TopLac, og ungdyra TopBull MAX. Men grovfôrtilgongen var for liten, og vinter/vår 2018 supplerte Holsen besetninga med ein viss andel nederlandsk tørr høyensilasje pakka som rundball. Dei var var fiberfattige, men energirike.

Dei nemnde oksane ovanfor vart fødde i tidsrommet september ’17 – januar ’18, og fekk dermed desse grovfôr-typane fram til sommaren. 

Den tørre sommaren 2018 ga tidleg første- og andreslått og redusert avling. Tredjeslåtten blei våt, og seint hausta. Gjennomsnittleg energikvalitet var god: 6,20 MJ per kilo TS (0,91 FEm), men lågt fiberinnhald: 435 gram NDF per kilo TS. Med så lite struktur kombinert med 6 kilo TopBull MAX så valde Geir Holsen medio juni å blande 25 prosent FiberMix inn i TopBull MAX-leveransen, noko som fungerer godt og gir homogene blandingar med lasteanlegget som Fiskå Mølle har i Sunnfjord/ Bygstad (og ein heil del andre stadar). Rasjonane var auka til 6,5 kilo kraftfôr per dag. Utover sommaren auka bonden andelen FiberMix, og i oktober fekk alle oksane kun FiberMix som kraftfôr. Gjødselkonsistensen var svært god heile vegen, og ingen av oksane fekk trekk for skitne dyr ved slakting. Første pulje blei slakta i desember, og andre pulje tidleg i mars. Resultatet blei svært bra. Om ein samanliknar med landsgjennomsnittet for NRF, så blir jo responsen veldig god!

Vi ser at framfôringstida er cirka tre månader raskare i fôringsopplegget til Geir Holsen, og tilveksten betydeleg betre. Og det med betre klassifisering, og som løyser ut det viktige O+ tilskotet. På toppen sparar bonden tre månader med surfôr-fôring, som ofte er ein avgrensa ressurs. Geir Holsen leverte også fire krysningar i same puljane, og desse hadde 50 eller 75 prosent NRF, og 50 eller 25 prosent Simmental. Desse fekk hakket betre tilvekst og klassifisering på same korte framfôringstida.

KALVEOPPDRETTET

– Kalvane fekk råmjølk i fem dagar, deretter ga eg dei heilmjølk i kanskje fem dagar før eg skifta rett over til Denkamilk Kalvedrikk. Overgangen til Denkamilk skjedde heilt utan tilvenning, noko som går fint hjå meg. Kalvane fekk bøttefôring med 6-7 liter Denkamilk per dag i 70-80 dagar (10-11 veker). I tillegg vart dei tilbydde fri tilgang på TopKalv Pluss og surfôr frå om lag en vekes alder, ramsar den ivrige bonden opp. Kalvane fekk bøttefôring med 6-7 liter Denkamilk per dag i 70-80 dagar (10-11 veker). I tillegg vart dei tilbydde fri tilgang på TopKalv Pluss og surfôr frå om lag ein vekes alder. Kalvane blei tilbydde vatn samtidig som dei fekk mjølk.

Trivelege dyr: Trass i lite struktur og lite grovfôr gir høg dosering av FiberMix god gjødselkonsistens og trivelege dyr.

KRAFTFÔR MED MAXAMMONKORN

– Etter avvenning fekk oksane nesten fri tilgang på TopBull MAX, fri tilgang på vatn og surfôr. Då dei var 5-6 månader låg eg på fem kilo kraftfôr per dag, og eg prøvde å auke kraftfôrmengda jamt for å redusere forbruket av surfôr, forklarar han og legg til at han begynner å redusere surfôrtildelinga frå om lag seks månaders alder.

Eg følgde med på gjødselkonsistensen heile tida for å sjå til at oksane tolte kraftfôrnivået. Valsa maxammonbygg i TopBull MAX har gjort at eg har fått auka kraftfôrnivået samanlikna med den gamle TopBull. Men med så lite struktur som det vart i 1. slåtten i fjor så begynte eg å blande FiberMix for å betre gjødselkonsistensen. Då eg i sluttfôringa etterkvart kun ga FiberMix kunne eg auke kraftfôrmengda frå 6 til 6,5 kilo per dag. 

– Eg ser at FiberMix inneheld både valsa maxammonhavre og roesnittar, men i sluttfôringa på dette fiberfattige surfôret så var dette interessant for meg. 

Surfôret ga han fire gongar dagleg, og det gjer han framleis.

–I tillegg til morgon og kveldsstellet fekk oksane ei runde med surfôr midt på dag samt også når eg tok ei sein kveldsrunde. Men dei fekk ikkje meir enn at dei åt opp alt på 10-15 minutt. Eg reknar med at denne tildelinga kanskje berre tilsvarer 70-80 prosent av kva appetittfôring ville ha vore, spekulerer han i.

FIBERMIX FOR SVAK TIL UNGE OKSAR

Underteikna vil understreke at FiberMix åleine ikkje er optimalt val til oksar under 8-10 månader. Årsaka er lågt nivå med råprotein og energi. Spesielt i dei første månadene etter kalveperioden så vil tilveksten bli låg med dette kraftfôret. Men om surfôret er energirikt og fiberfattig slik som i Geir Holsen sitt tilfelle, er det interessant å sjå at høg dosering med FiberMix har gitt så god tilvekst og kjøtfylde i sluttfôringa. Dette unike kraftfôret er derfor eit interessant alternativ til sluttfôring kombinert med startfôring med TopKalv Pluss og deretter TopBull MAX. 

Noter likevel den store skilnaden i stivelse mellom dei to kraftfôra: TopBull MAX inneheld typisk 32-33 prosent stivelse kontra om lag 18-22 prosent i FiberMix. Det er derfor ingen tvil om at mikrobane i vomma veks betre på TopBull MAX. Det er jo dei som bryt ned grovfôret, og det er i hovudsak dei proteinrike vommikrobane som blir omdanna til kjøt og biff. Så på middels fiberrikt surfôr (NDF over 480 gram per kilo TS) bør ein satse på sluttfôring med TopBull MAX framfor FiberMix for å oppnå best tilvekst.

 

Våre rådgjevarar hjelper deg med tilrådingar om kraftfôr ved varierande grovfôrtilgang.

BESTILL NO  - Ring 51 74 33 00, eller kontakt en av våre rådgjevare