<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Aktuelle kraftfôr på beite

Det er fleire kraftfôr som er aktuelle på beite. Blant desse finn du TopLac-serien, Melketopp-serien og Fiskå Smørbukk og. Sjå kva for ei situasjon dei forskjellige seriane passar best for her.

 

TOPLAC®-SERIEN

TopLac® er mynta på bønder som satsar på høgtytande besetningar (>8.500 kg mjølk pr årsku). Dei fire energi- og proteinrike produkta gir klart mest mjølk, fett og proteinprosent og er lønsame også på beite dersom ein har ledig mjølkekvote.

  • Bruk TopLac Låg frå beiteslepp og framover så lenge beitet er proteinrikt.

  • Skift til den meir proteinrike TopLac Nøytral eller TopLac Fiber når urea nærmar seg nedre grense. Begge har nøytral PBV. TopLac Fiber er mest effektiv på fettprosent i mjølka dersom gjødselkonsistensen er svak/tynn. TopLac Nøytral er best dersom beitet begynner å bli meir utvikla, då denne er meir konsentrert med energi og AAT.  
  • TopLac Høg er aktuell på beite i situasjonar der tørke fører til at nitrogengjødsla blir verande igjen på bakken, og graset dermed blir proteinfattig (låg urea i tankmjølka). Er også aktuell i kombinasjon med proteinfattig surfôr og proteinfattige biprodukt som Roetopp/roesnittar og brød.

 

3 (2)


MELKETOPP™-SERIEN

  • Melketopp Låg passar svært godt i besetningar med vårkalving og der målet er middels mjølkeyting; 7.000 til 8.500 kg mjølk per årsku. Melketopp-serien er samansett med tanke på vommiljøet, noko som påverkar fruktbarheita ved inseminering samt fett- og proteinprosent i mjølka. Melketopp Låg har eit lågt proteininnhald og har negativ PBV. Kraftfôret passar derfor ypperleg til proteinrikt beitegras (tidleg utviklingstrinn), og er blant førstevala til intensiv beitedrift som skiftebeiting og stripebeiting.
  • Melketopp Nøytral er meir proteinrik enn Melketopp Låg, og høver godt til beite som er meir utvikla, eller er svakare gjødsla.
  • Melketopp Høg er aktuell på beite i situasjonar der tørke fører til at nitrogengjødsla blir verande igjen på bakken, og graset dermed blir proteinfattig (låg urea i tankmjølka).

 

FISKÅ SMØRBUKK™

Smørbukk kan vere aktuell for somme. Samanlikna med TopLac og Melketopp gir dette fiberrike kraftfôret høgare fettprosent i mjølka, men mindre mjølk pr ku pr dag. Er derfor aktuell i besetningar som likevel fyller mjølkekvota. PBV er nøytral, og godt høver til middels beitekvalitet. Er også interessant til fellesbeiter der kyrne får ein brå overgong både på grovfôr (rett over på kun beitegras), kraftfôr og miljøforhold elles. Då er det ein stor fordel for vomma om kraftfôret er nettopp smaklege Smørbukk!

 

img_7527-copy

 

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.