<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Sprøyting av attlegg

Kampen mot ugras i enga startar i attlegget. Held du nede og hindrar etablering av ugras i attleggsåret hjelper du enga til å bli tett og motstandsdyktig mot ugras i seinare engår.

Av: Turid Fitjar, rådgjevar drøv og plantekultur

 

Det er viktig å sprøyta til riktig tidspunkt. Dei små spirene toler ikkje så sterke dosar som ein kan nytta i etablert eng, difor er det viktig å sprøyta medan ugraset er lite (frå frøblad til 4 varige blad) for å få effekt.  

I attlegg med kløver er det kløveren som avgjer sprøytetidspunktet. Rett tidspunkt for sprøyting er når kløveren har eitt til to trekopla blad (= vanlige kløverblad). I attlegg med rødkløver anbefaler me sprøyting med ei blanding av Trimmer + MCPA eller Gratil + MCPA. I attlegg med kvitkløver eller andre planter i erteblomstfamilien bør ein nytta middelet Basagran. 

 

IMG_20210519_064325

Dei små plantene mellom radene ser uskuldige ut, men dette er rett tidspunkt for å nedkjempa dei. 

 

I attlegg utan kløver kan du sprøyta frå graset har 2 blad. Ein virkningstabell kan vera nyttig for å finna det middelet eller den blandinga som er best mot de ugrasfloraen du har i enga. Ei god og allsidig blanding til attlegg utan kløver er Trimmer + Starane XL. 

 

IMG_20210519_064403

Kløver med eit trekopla blad, rett tidspunkt for sprøyting i attlegget.

 

Ta kontakt om du har spørsmål om plantevern, eller sjå våre katalogar på plantevern.no

 

 

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.