<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Mjølkefeber kring kalving kan reduserast til eit minimum

Av: Kjell-Rune Vik, produktsjef drøvtyggarfôr 

 
Tilskotsfôr med svært negativ DCAD gitt i 3–4 veker før kalving kan i stor grad eliminere mjølkefeber dei første vekene etter kalving – forutsatt at kua får i seg nok av fôret. Prinsippet er godt kjent, men svært dårleg smak på dei spesielle salta har tidlegare gjort at kyrne vegrar seg for å ete slike tilskotsfôr. Difor er produkta for lengst fjerna frå marknaden.


Ny teknologi gjer no desse salta heilt nøytrale i smaken.
Fiskå Mølle lanserer no det unike fôrtilskotet Premium Gjeldku Pluss. Gir bonden 140-150 gram dagleg dei siste 3-4 vekene før kalving, kan han endeleg enkelt førebyggje denne kostbare produksjonssjukdomen.

 

Kunnskapen om at negativ DCAD1 i totalrasjonen dei siste 3-4 vekene før kalving er frå 60- og 70-talet. Forskarane ga den gongen sinkyr med vomfistel rasjonar med ulike negative DCAD-verdiar. Dei kom dermed unna dei praktiske problema med den svært dårlege smaken på nøkkel-salt som kalsiumklorid og magnesiumklorid som begge har veldig negativ DCAD.

Dei fann at dersom ein doserer salta slik at kyrne får eit fall i urin-pH frå 7,4 til 5,5 – 6, så får kua tilgjengeleggjort mykje meir kalsium i blodet. Det er nemleg mangel på Ca i blodet som gjer at kua får mjølkefeber. Tilfelle av klinisk og subklinisk mjølkefeber blei dermed dramatisk reduserte dei første vekene etter kalving hos dei fleste kyr, også hos dei mest utsette eldre kyrne.

 

1) DCAD står for Dietary Cation-Anion Difference, og er eit mål på fôret si surheitsgrad. Den bereknast ut i frå formelen:


Svaret gjevast i milliekvivalentar per kg TS (mEq/kg TS). DCAD reknast ut for totalrasjonen i Optifor.  

 

Ny teknologi løyser problemet

I det siste har nokre industrielle føretak begynt å coate ulike smakssterke råvarer med feitt. Kalsiumklorid blir spraya med herda rapsolje gjennom ein unik teknikk slik at det behandla fôrmiddelet består av tusenvis av små partiklar som alle er heilt dekte av ein tynn coating. Den sterkt negative smaken blir dermed skjulte for smaksløkane på tunga til kua. Bonden kan dermed no enkelt få dyret til å ete kalsiumklorid og andre fôrvarer som kua normalt ikkje vil ta opp frivillig.

I løypemagen er pH svært låg, typisk 1,5 - 3, og her løysast feittet opp slik at kalsiumkloriden blir tilgjengeleg for dyret i tynntarmen, og gir så full effekt i blodet på sinkua. Etter kalving fjernast kalsiumklorid frå kua sin rasjon.

 

DSCF8544

 Premium Gjeldku Pluss har god smakelighet.

 

Slik motverkar negativ DCAD mjølkefeber

Aukande mjølkeyting frå kalving aukar Ca-behovet raskt. Eldre kyr er mest utsette for stort fall i Ca-konsentrasjonen i blodet, som gir mjølkefeber. Eit redusert fôropptak kring kalving reduserer dessutan moglegheita til absorpsjon frå tarmen, noko som aukar risikoen veldig. Feite kyr har størst fall i fôropptaket, og dette gjer også dei ekstra utsette.

Nivået av Ca i blodet er hormonelt regulert. Etter kalving får kua hormonell beskjed om å mobilisere meir Ca frå skjelettet og auke absorpsjonen frå tarmen. Men hormona verkar ikkje skikkeleg hos alle kyr.

Reguleringa av Ca-nivået i blodet er også avhengig av blodet sitt innhald av magnesium og fosfor, samt vitamin D. Sinkua sin rasjon må balanserast for å legge til rette for god Ca-regulering. Til no har dette tidvis vore krevjande: Grovfôrrasjonar som er rike på kalium (t.d. høg bruk av kaliumrik gjødsel) får ein veldig positiv DCAD-verdi som reduserer kua sin hormonelle respons når Ca-nivået skal haldast stabilt etter kalving. Grovfôr til sinkyr som er svakt gjødsla med kalium gir lågare risiko for mjølkefeber.

Det å gje sinkua kalksteinsmjøl (rik på kalsium) før kalving gjer dessverre berre vondt verre. Det aukar sjansane for mjølkefeber endå meir fordi evna til mobilisering og absorpsjon av kalsium blir svekka.

Forskarar har funne at rasjonar med negativ DCAD rundt –100 til –150 mEq/kg TS seinkar blodet sin pH-verdi2. Dette oppnår du ved dosering av ca. 140-150 gram Premium Gjeldku Pluss. Tilstanden betrar responsen av hormonelle signal slik at kalsiummobiliseringa frå skjelettet aukar. I tillegg blir vitamin D aktivert, noko som aukar effektiviteten av kalsiumopptak frå tarmen. Greier du å seinke blod-pH frå normalen 7,4 til til 5,5–6,0 med eit stabilt nivå i 3-4 veker før kalving, så blir resultatet ein kraftig redusert risiko for mjølkefeber.

For å sjekke om ein oppnår ønskt effekt med fôringa, er måling av urin-pH den enklaste metoden. pH-papir kjøper du til dømes på apoteket. Det finnast også gode digitale pH-målarar i netthandelen.

 

2) Klor og svovel løyst i blodet er negativ lada ion, såkalla «anion». Ein negativ DCAD rundt –100 til –150 mEq/kg TS påverkar syre-base-statusen til dyret ved at sinkua då kjem i ein sur ionebalanse. Kroppen vil då bufre desse aniona med positivt lada ion; «kation». Ca er eit kation og som kroppen har store mengder av lagra i bein.

 

Ønskeleg med nær-kalvingsgruppe i sinkuavdelinga

Skal ein få mjølkekyr til å halde seg både fruktbare og holdbare i mange laktasjonar og samtidig mjølke mykje, er aktiv bruk av sinkuavdeling heilt nødvendig. Moderne kufjøs har derfor ei slik allereie. Det er imidlertid ikkje vanleg i Norge å dele sinkuavdelinga i to, slik bønder i andre vestlege land gjer. Men trass i at besetningane i Norge er små samanlikna med våre naboar, er dette ein veldig god idé. Avsina kyr startar sinperioden i fjern-kalvingsgruppa, og er der fram til ca. 3-4 veker før kalving. Der får den ein energifattig og volumrik rasjon som også inneheld mineral/vitamin-preparat som den prisgunstige Premium Storfe, evt, Premium Grovfôr. Når kua flyttast til nær-kalvingsgruppa, får den ein oppgradert rasjon. Mineral/vitamin-tilskotet byttast til Premium Gjeldku Pluss. Dette sinkumineralet er meir kostbart, og det er økonomiske smart å berre tilby dette frå no av. Sjølv om det sjølvsagt er veleigna til alle sinkyr.

I nær-kalvingsgruppa introduserast også kraftfôr slik at vomma blir tilvent stivelse samt meir råprotein (NorFor: 130 g/kg TS i totalrasjonen) slik at det blir danna nok råmjølk med eit høgt nivå immunglobulin. 140 gram Premium Gjeldku Pluss gir sinkua full dose Diamond V™ slik at den toler betre opptrappinga av kraftfôr etter kalving. Om ein då fortset med Diamond V etter kalving (via fôrtilskot eller kraftfôr) vil kua få betre vommiljø og svarar med å utnytte grovfôret betre, mjølke meir og får betre fruktbarheit og generell helse.

Våre fôringsrådgjevarar i Fiskå Mølle hjelper deg med å sette opp profesjonelle sinkurasjonar i NorFor. Rasjonane blir no endå meir effektive enn nokon gong!

 

To klassifiseringar av mjølkefeber

Ein skil mellom klinisk (synleg) og subklinisk (skjult) mjølkefeber3.

I årsrapportane til mjølkeprodusentar i Kukontrollen i 2022 ser vi at det var 5,9 behandlingar for klinisk mjølkefeber per 100 årskyr i 2. laktasjon eller eldre. I dei same rapportane nytta Tine eit «normtal» for kostnadar per mjølkefebertilfelle a kr 4800. KPI-justering av satsen gir ca. 5800 kr i dag. Kostnadane for subklinisk mjølkefeber kjem i tillegg.

Mjølkefeber er altså ein stor utgiftspost i norsk mjølkeproduksjon. Med ein balansert sinkurasjon inklusiv bruk av vårt moderne sinkumineral med svært negativ DCAD så er det no store moglegheiter for å betre økonomien til mjølkebonden.

 

3) Definisjonen av klinisk mjølkefeber er når konsentrasjonen av Ca søkk under 1,38 mmol/l i blodet medan subklinisk mjølkefeber er når konsentrasjonen er mellom 1,38–2 mmol/l. Ved kliniske tilfelle er det sjeldan at kua evnar å stå oppreist, og kroppstemperaturen søkk betydeleg ved stader som øyra og hoftekula. Subklinisk mjølkefeber er ikkje like lett å oppdage, men er eit mykje vanlegare problem. Tilstanden påverkar om lag 50 % av nykalva kyr i den vestlege verda. Lågare mjølkeproduksjon, dårleg reproduksjon, svekka energibalanse og auka mottakelegheit for sjukdomar som løpedreiing, børframfall og mastitt er direkte knytt til tilstanden.

 

 

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.