Valsa maxammonhavre drøyer surfôret

Med dette produktet kan mjølkebonden og kjøtprodusenten oppretthalde produksjonen sjølv om grovfôrmengda er låg.

 

Havre er eit fiberrikt korn. Det har også eit lågare nivå stivelse enn bygg og kveite. Vanleg valsa havre er brukt i Norge i fleire tiår som ein effektiv grovfôrerstattar i alle landsdelar. Produktet har store partiklar og gir langsom frigjeving av stivelsen. 

Når ein maxammonbehandlar og valsar norsk havre så framstillast ein endå meir attraktiv grovfôrerstattar. Ein alkalisk pH (8,3 – 9,3) bidreg til å sikre eit godt vommiljø. Sjølv store mengder (opptil 7-8 kilo per dag til mjølkekyr) gir erfaringsmessig fast gjødselkonsistens sjølv ved normale mengder kraftfôr utanom.

Maxammonbehandla havre gir positiv PBV, noko som er interessant til PBV-fattig seint hausta surfôr. Meir PBV reduserer behovet for importert soya i sterk grad.

I det nye kornåret, med ei svær kornavling til kraftfôr, er det veldig interessant at produktet også reduserer behovet for importerte roesnittar og grasmjøl. Maxammonbehandla valsa havre er perfekt i fullfôr samt som tilleggsfôr saman med vanleg kraftfôr og surfôr.

 

Auka fordøyelegheit

Ammoniakkbehandling av halm er velkjent fordi energiinnhaldet i fibrane aukar. Slik er det også med maxammonhavre. Forsøk har vist at skal-fraksjonane i maxammonhavre får høgare energiverdi (+25%). Dette er verdiskapning til glede for bonden som manglar grovfôr.

Havre er dessutan billegare enn bygg. Maxammonbehandla havre får dermed ein lågare pris på energibasis, og er meir kostnadseffektiv enn maxammonbehandla bygg.

 

Næringsverdiar i NorFor

NEL20:    6,54 MJ per kilo tørrstoff

AAT20:  87 g per kilo tørrstoff

PBV20: +37 g per kilo tørrstoff

Fiskå Mølle vil distribuere maxammonbehandla havre i storsekk og bulk langs heile norskekysten, frå Aust-Agder og heilt opp til Finnmark. Vi registerer at det er stor grovfôrmangel i Rogaland, Hordland, Sogn og Fjordane og i deler av Troms.

 

Pelletert fiberrikt kraftfôr med maxammonhavre

Fiskå Mølle vil seinare i oktober lansere nytt pelletert kraftfôr med maxammonhavre som løysing til bønder som vil ha alt i ein pellet (mineral/vitamin, melasse, meir protein etc).

 

Kontaktpersonar

Kjell-Rune Vik, produktsjef drøvtyggarfôr: 98 26 12 70

Maren Bjorland, fagrådgjevar storfe: 98 26 12 75

Leif Malvin Eggebø, fagrådgjevar storfe, sau og tilskotsfôr: 98 26 12 61