Nytt premium kalvefôr gir tidlegare opptak og betre kalvehelse

Vi har gjort mange nye grep for at kalvane skal ta kalvefôret tidlegare, og for at helse og tilvekst skal bli betre.

 

12 forsøksvertar har siste halvåret testa det nye kalvefôret TopKalv Pluss. Mjølkebonden Magne Helleland på Jæren er ein av dei. Vinteren 2017 testa han alle kalvefôr i marknaden til sine kalvar, og har etterpå etterlyst betre alternativ. Hans vurdering i haust er: «Veldig god smaklegheit, kalvane likar det nye fôret klart betre enn den gamle TopKalv’en. God tilvekst på kalvane og fin avføring. Med dette fôret har Fiskå Mølle teke eit stort og viktig skritt i rett retning».

 

TINE Rådgiving er tydelege på kvigekalvar som held seg friske og oppnår høg tilvekst gir mange hundre liter meir mjølk i første laktasjon. Oksekalven svarer med høgare tilvekst. Frå før veit vi også at det er mykje billegare å forebygge sjukdom enn å ringe veterinæren etter at det har gått gale. Den tapte tilveksten får ein dessutan aldri att, og dyret presterer svakare seinare i livet. Lykkast ein med å få fram eit kalvefôr som gir betre helse og tilvekst, så blir det raskt veldig lønnsamt å investere i dette sjølv om det kostar noko meir per kilo. 

 

 

 

Utvikling av nytt kalvefôr

Kunnskapen om korleis ein skal auke tilveksten og sikre helsa på unge drøvtyggarar er brennaktuelt også globalt. Vi i Fiskå Mølle får stadig meir kunnskap om emnet frå både internasjonale forskarar og leverandørar.

 

Her er dei viktigaste tinga vi har forbetra i TopKalv Pluss samanlikna med klassikaren TopKalv som vi lanserte i 2010:

 

Meir fordøyeleg råprotein 

Spedkalven er einmaga den første tida, og har behov for like lettfordøyeleg protein som smågris og nyklekte kyllingar. Slike råvarer har vi på Fiskå, og er no for første gong brukte i høg dose også til kalv. Utanlandske forsøk dokumenterer at slike fôrvarer gir betre tilvekst på unge kalvar samanlikna med vanlege proteinråvarer. Innhaldet av råprotein i TopKalv Pluss er 18,5%, og er dermed meir proteinrik enn TopKalv. 

 

Meir tungtløyseleg stivelse

Universitetsforsøk har vist at kalvar veks mykje betre på mais enn på bygg og kveite. Mais inneheld meir tungtløyseleg stivelse. Vi har utnytta denne kunnskapen til å løfte kvaliteten i det nye fôret.

Betre smak

Kalvar elskar sukker og roesnittar, og i TopKalv Pluss er nivået av begge auka. Det gir både mykje betre smak og eit kraftfôr kalven toler veldig godt sjølv om mengda passerer 3 kilo per dag i den kritiske tida etter avvenning.

 

 

 

Mindre diaré og hoste

Nytt tilsetningsstoff med lovande effekt: «Medium lange fettsyrer» i kalvefôret gjer at kvite blodceller lever lenger enn normalt, truleg utan at produksjonen av slike blir redusert. Effekten ser ut til å vere at kalven får eit kraftigare immunforsvar. I eitt forsøk (52 kalvar) oppnådde ein dels færre behandlingar for hoste og diaré i gruppene som fekk desse fettsyrene. I staden vaks kalvane betre og hadde lågare fôrforbruk per kilo tilvekst. I eit anna forsøk (27 kalvar) oppnådde ein 13% høgare dagleg tilvekst, blankare pels samt tidlegare drøvtygging og raskare opptak av høy.

 

Justert kalsium kan gje mindre diaré

Kalk er rik på kalsium og brukast både i kraftfôr og som «jordforbedringsmiddel» ved at den aukar pH i jorda. Men ein må unngå å «kalke tarmen» til kalven. Skal kalven verkeleg drepe alle patogena (t.d. E.coli) i løypemagen (= kalven sin magesekk) er det viktig at saltsyra der får full effekt. Høg mengde kalk hindrar pH-fall, og kan auke risikoen for at smitten overlever og gir kalven diaré. Vi har derfor endra kalsiumkjelde og mengda kalsium i TopKalv Pluss slik at saltsyra i løypemagen får større effekt.

 

Justert pelletsdiameter 

I Norge har det lenge vore vanleg at kalvepellets er «tynn som spikar». Samtidig har vi lenge visst at både kalvar, lam og kje likar kraftfôret Fiskå Sau/Lam Appetitt (5 mm pellets) betre enn den gamle Fiskå TopKalv (3 mm pellets). Årsaken er m.a. det høge nivået roesnittar i Sau/Lam Appetitt.

 

Det nye produktet Fiskå TopKalv Pluss har 5 mm pellets.

  

Tilbakemeldingar etter testen

 

Alle forsøksvertane har kun positive tilbakemeldingar og vil gjerne kjøpe dette på nytt. Dette gjer at vi no lanserer kraftfôret. Dei fleste kundane har samanlikna med den gamle TopKalv, somme også med konkurrenten sine kalvefôr. Oppsummert seier kundane at TopKalv Pluss har klart tidlegare opptak og at kalvane tek opp meir kraftfôr og toler dette fôret betre enn elles. Fleire kundar meinte at kalvane veks betre på TopKalv Pluss (visuelle observasjonar).

 

  

Aktuelt til lam og kje?

 

TopKalv Pluss er høgaktuelt også til unge lam og kje. Alt tyder på at TopKalv Pluss er klart betre enn Sau/Lam Appetitt når det gjeld helse og tilvekst.

  

Den unike TopKalv Pluss fåast i småsekk, storsekk og bulk.