<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

4 årsaker til rektal prolaps på svin

- og hvordan forebygge det

 

Rektal prolaps er det same som endetarmsframfall. Dette skjer akutt ved auka trykk i buken. Tarmen vrenger seg ut og den indre slimhinna er synleg, gjerne 5-10 cm. På grunn av denne vrenginga av tarmen blir blodforsyninga endra, og endetarmen hovner opp. Den blir mørkare raud og kan etter litt tid falle av pga celledød. Det kan vere smertefullt for dyret, og blødninger oppstår svært lett enten ved kontakt med vegger og innreiing, eller skade påført av andre griser.

Rektal prolaps skjer både hjå purker, smågris og slaktegris. Truleg har desse litt ulike årsakar. Normalt ser ein gjerne svært spredte tilfeller, kanskje ei purke eller to i året. Diverre har nokre produsenter rapportert om auka frekvens av rektal prolaps frå i fjor sommar inntil nyleg. Tilfella er i enkelte besetningar spredt over tid, og det kan vere svært utfordrande å finne ei eller fleire forklaringar. Nokre produsenter har sett problem kvar pulje over ein gitt periode.

 

4 VANLIGE ÅRSAKER 

Årsakene kan vere samansette, og fleire faktorer kan bidra. Det kan liggje nokre faktorer i botn, og så bidreg andre til å utløyse problemet. Me deler gjerne inn årsaker i infeksiøse og ikkje infeksiøse.

 

1. Infeksiøse

  • Diarè, store trengingar
  • Luftvegssjukdom –sterk hoste fører til auka trykk i buken
  • Tjukktarmsbetennelse
  • Unormal fermentasjon fører til sterk gassutvikling og auka trykk i buken
  • Betennelse i urinorgan eller urinsteiner
  • Mykje salt i fòret/lite vatn inntak

 

Dersom grisen har betennelse i tarmen vil bakterieflora skiftet føre til unormal gassutvikling, og trykket aukar betydeleg i buken. Den motsette situasjonen kan også skje ved redusert vatn inntak eller overdose av salt. Då kan grisen få forstoppelse og trykkauke i buken skjer, samt store treninger ved defekasjon.

 

infeksioese

 

2. Miljøfaktorer

  • Kaldt vèr aukar frekvens av prolaps. Assosiert med kaldare hus og grisen vil leggje seg tett i ein haug, fører til mekanisk trykk på buken
  • Glatte golv og blaute binger aukar trykk i buken av di grisen spenner magemusklar for å ikkje skli
  • Kraftig overbelegg –hindrer grisen i å liggje på sida i bingen
  • Trauma (skade) –nerver, rygg prolaps -fører til redusert kontroll av anal lukkemuskel
  • Halekupering-for kort fører til nerveskade av anal ring muskulatur og dermed avslapping av lukkemuskelen.

 

3. Ernæringsmessige årsakar

  • Apetitt fòring –kontinuerlig full mage/tarm og indigestion (redusert fordøyelegheit. Det blir då tendenser til unormal fermentering i tjukktarm grunna ufordøya fòr kjem i større kvanta til tjukktarmen
  • Høg konsentrerte diettar og særskilt lysin nivå aukar vekst raten – utbrot kan avta ved overgang til restriktiv fòring eller bruk av lågare energy/lysin diett
  • Vann restriksjonar –fører til forstoppelse
  • Fòr rikt på stivelse predisponerer –legg til 2-4% grovfòr til fòret
  • Mykotoksiner; ZEA er den verste
  • Endring i fòr eller miljø (temp, tettheit, hygiene osv)
  • Bruk av tylosin eller lincomycin antibiotika.

 

4. Genetikk

-rektal prolaps kan vere genetisk predisponert. Det er normalt sett eit ressesivt gen, og må vere tilstades hjå begge foreldre dersom det skal oppstå hjå avkomet. Dersom du bruker eigen råne bør dette utelukkast. Legg heller ikkje etter purker med rektal prolaps.

 

TILTAK

For dei råka dyra må ein vurdere dyrevelferda. Ofte er avliving det beste alternativet. Litt avhengig av årsaka, og dersom fleire tilfeller oppstår samstundes kan råka gris raskt flyttast til sjukebinge. Ofte helast prolapsen spontant i løpet av få dagar, særleg på yngre gris. I besetninger med eit relativt stort antal prolapser, kan det ta bortimot 3 veker før prolapsen helast. Ved skånsom behandling og fòring kan dette nokre gonger forsvarast. Dersom ikkje prolapsen helast må grisen avlivast. Ein gris som har hatt prolaps, og prolapsen har falt av kan få innsnevring av lukkemuskelen på grunn av arrvev. Dette går gradvis og tek ca 7-8 veker. Grisen kan ved stor innsnevring få forstoppelse. Difør bør den slaktast i god tid før dette skjer.

 

Gje sjuke dyr god tilgang på vatn, og bruk gjerne matolje på kraftfòret. Olja reduserer gassen i tarmen, og smører slik ein eventuell forstoppelse kan løysast opp.

 

Førebyggje årsaka er viktig. Er det gjort endringar i drifta som kan forklare ei brå auke i framfall? Eller har det skjedd ei negativ utvikling i våtfòrtanken som gjev gunstige høve for mugg og gjær? I kraftfòrsiloer kan det også bli danna mykje mugg som løsner og blir fòra ut utan at alltid merker det.

 

tiltak

 

 

SKJEKKLISTE:

  • Sjekk fòrhygiene frå silo til og med tro 
  • Regelmessig reinhald
  • Gje grovfòr av god kvalitet, høy og silo er best
  • Kontroller tilgang og kvalitet på vatn
  • Dersom forstoppelse gje meir fiber
  • Gå over på mindre energi og proteinrikt fòr, for eksempel frå Opti Norm til Opti Kjøtt
  • Rett opp andre sjukdomar som kan bidra
  • Restriktiv fôring, fôrkarene ned
  • Purker med høgt fòrinntak i fødebinge har stort behov for mosjon
  • Vurder om purka og rånen kan vere bærer av eigenskapen

 

 

KVA KAN FISKÅ HJELPE MED? 

  • Analysere fôret
  • Hjelpe med våtfôranalyse
  • Gjennomgang besetning
  • Obdusere
  • Vurdere tiltak

 

 tone

Tone Runhild O. Skadsem

Veterinær | Fòring, helse og management på gris

 

Arbeider i privatpraksis og som rådgiver på svin hjå Fiskå Mølle.

Brenn for besetningsrådgjeving og svinehelse.

Har bakgrunn frå Helsetjenesten for svin.

 

Kontakt

Tone_runhild@hotmail.com

91550159

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.