<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

3 viktige parasitter på sau – symptom og behandling

Parasitter er ei stor utfordring for sauebønder. Her er veterinæren sine råd for førebygging og behandling av snyltarar.

Tekst: Tone Rundhild O. Skadsem, veterinær


Parasitter, den evige utfordringa til sauenæringa. Dagens rutinar legg grunnlaget for framtidige utfordringar med parasitter. Me kan mykje om resistens etter kvart, men det er ennå mykje uvisst. Fleire og fleire tek avføringsprøver og får gode grunnlag for behandling og handtering av parasitter på sau. Det er ei veldig god utvikling. Kanskje blir resistens så stort problem i framtida at ein berre får utlevert antiparasitt-middel etter dokumenterte eggtal, og då nøyaktig dose til kvar behandling/ kvar enkelt dyregruppe.

 

TA EGGREDUKSJONSTEST

Ein eggreduksjonstest gjer svar på kor effektiv behandlinga har vore. I tillegg til å ta ut avføringsprøver jamleg, bør alle sauebesetningar ha som mål å få teke ein eggreduksjonstest i løpet av denne eller i alle fall neste sesong. Dessverre får me tilbakemeldingar på dårleg effekt av preparat, og at det er utvikla resistens i besetninga. Det er lite oppmuntrande når ein ser føre seg sauedrift i årevis framover. Difor er det svært viktig å ha ein oversikt over ulike parasitter ein har i besetninga, og korleis desse skal handterast.


3 VANLEGE PARASITTER PÅ SAU

RUNDORMER

Det er 16 ulike rundormer i Norge. Dei fleste sauer blir infiserte med ein blanding av ulike artar.
Sauen blir infisert av larver på beitet. Larvene er klekka frå egga som sauen skil ut. Nokre rundormer overlever i beitet, andre i eit dvalestadie i slimhinna i tarmveggen til sauen. Sauen utvikler gradvis immunitet mot rundormer, og immuniteten er best ved omlag 2-årsalder. Det vil seie at lamma møter dei største utfordringane.

Ein viktig rundorm er Haemonchus. Den suger blod og fører til blodtap, dobbelthake og svake lam utpå sommaren og hausten. Den kan også gjere stor skade på vaksne sauer på våren, då den vaknar til live etter dvale i sauen. Ettersom ormen overvintrar i sauen, vil eldre sauer skilje ut parasittegg som byggjer seg opp i beitet. Utover mot hausten kan lamma møte store mengder parasittegg, og bli sjuke. Det er ikkje alltid dei blir svarte bak av denne parasitten!

Nematodirus battus er også ein viktig rundorm på våren. Ettersom den må ha ein kuldeperiode for å klekke egga til infektive larver, klekkes egga ikkje før til neste vår. Då klekkes alle omtrent samstundes og ein får hardt smittepress for lamma. Denne ormen skapar altså ikkje problem på hausten.

 

BENDELORMER

Bendelorm er vanleg, og kan gje problem i enkelte besetningar. Den overvintrar i beitet, og er difor mest plagsam omlag 3-8 veker etter beiteslepp. Det utviklast ganske god immunitet, så dette er størst problem på vårparten på lamma i nokre besetningar.

 

LEVERIKTER

Ein våt og fuktig sommar med mykjer sniglar betyr ofte mykje leverikter. Sniglar er mellomvert for leverikter, og bærer larvestadiet, cercarier, av iktene. Når dyra et gras får dei i seg metacercarier, som er ein infektiv cercarie. Ikta frisettes så i tynntarmen. Der borer den seg gjennom tarmveggen og finn vegen til levra. Den vandrar 6-7 veker i levra før den set seg i gallegangane. Der kan dei leve i fleire år. Levera er viktig for stoffskiftet og råka dyr kan tape mykje hald og trivsel.

For at leverikter skal kunne gjennomføre sin livssyklus må det vere over 10 grader ute. Ved vinterstid stoppar utviklinga opp. Det betyr likevel at det kan vere fullt av leverikter i dyra. Heile syklusen til leverikta tek 17-18 veker.

Som oftast ser ein stor auke i forekomsten av leverikter på seinsommaren eller hausten. Så lenge dyra går ute og det er over 10 grader, er det risiko for nye ifestasjoner av leverikter. Sjukdomsteikna for leverikter avhenger av kor mange ikter sauen har ete i seg på ein gong. Får den ein veldig stor dose leverikter kan det resulterer i akutte dødsfall. Sauen får også lett dårleg matlyst, bleike slimhinner og smerter i buken.

Dersom det er noko mindre smittepress vil symptoma vere veikare og ta lengre tid før ein ser noko. Dette er den subakutta forma og sjåast gjerne i oktober, november. Sauen får anemi, bleike slimhinner og dobbelthake.

Den vanlegaste forma for leverikte er kronisk. Den oppstår 4-5 månader etter infeksjon, ofte frå desember fram mot lemming. Dyra blir bleike i slimhinnene og får dobbelthake, ei væskeansamling under haka fordi blodet mangler proteiner.
Det er ingen aldersimmunitet og sauen kan bære ikter frå fleire år dersom den ikkje blir behandla. Det er eit preparat, Fasinex®, som drep alle stadier av leveriktene. Dette har lang tilbakehaldstid og passer ikkje alltid å bruke. Fasinex må nyttast ved akutt leverikteproblem, då dette i hovudsak skuldast vandring av juvenile ikter i leveren.

Valbazen® tek kun dei vaksne stadier av leverikta. Dette kan altså brukast omlag 2 månader etter sauen har blitt smitta. Det vil i praksis ofte seie i desember/januar som blir 2 månadar etter siste inntak av smitte. Dette stoffet skal ikkje brukast kring paring og første drektigheitsmånda på grunn av fare for fosterskade. Sistnemde preparat er også effektiv mot rundormer.
Drøft nøye behandling med din veterinær. Det er ulike driftsformer i høve til delvis utegang om vinteren, og vår/vinter er ofte med varierande temperaturer og dermed smittepress.

 

1

Leverikter: Sauen får i seg parasitter på beitet. Våte somrer med mykje snigler gir leverikteproblem.

 

PRØVETAKING

Prøvetaking for rundormer bør gjerast omlag 1 veke etter sanking frå utmarksbeite, for å avgjere kor mykje smitte det er i utmarka, og kor mykje sauene vil smitte ut haustbeitet. Dersom det er heimebeite bør dyra prøvetas i august/september, særskilt med tanke på Haemonchus.
Leverikter kan også sjekkast ved avføringprøver, men eit negativt svar kan vere på grunn av det kun er stadier som ennå ikkje skil ut egg i sauen. Difor er ein obduksjon og kassasjoner på slakt viktige for diagnostikk.

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.