<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Det enklaste er det beste

Aldri har det vore enklare å sikre at alle sauene får det dei treng av mineral og vitamin utan å bli for feite.

Lammetalet hos norske sauerasar har auka betydeleg dei siste tiåra. I takt med dette har mange bønder opplevd at fleire av lamma enten har vore svake ved fødsel, eller daudfødde. Dette vart gjenstand for fleire større fôringsforsøk. Konklusjonen frå desse var mellom anna at ekstra tilskot av E-vitamin kunne vere effektivt, særleg hos søyer med tre eller fleire foster.

Fiskå Mølle tok tidleg den nye kunnskapen til etterretning, og lanserte fôrtypen «Sauefôr Drektig» som ein naturleg konsekvens. Det som kjenneteikner dette kraftfôret er ekstra høg dose E-vitamin (heile 650 mg/kg), organisk selen, samt full dose av alle andre nødvendige mineraler. Fôret er så konsentrert at 300 gram per dyr per dag gjev full mineral- og vitamindekning i drektigheitstida. Innhaldet av råprotein er tilpassa surfôr av middels kvalitet, og energinivået er 0,95 FEm per kg. Kraftforet er tenkt brukt i perioden frå sauene er ferdig para til cirka en måned før lamming. Fleire har imidlertid etterspurt kraftfôret også til bruk i paringa, så det vert nå produsert i perioden oktober og til utpå vårparten.

 screenshot-2019-12-04-at-135120
Økning: Lammetalet hos norske sauerasar har auka betydeleg dei siste tiåra.

Tor Bjarne Flesjå, fjørfe- og sauebonde frå Finnøy i Ryfylke, har nå brukt dette produktet om vinteren i fleire år. Han er godt fornøgd med at det finst eit kraftfôr som sikrar at alle dyra får alt dei treng av mineral og vitamin, utan at dei vert for feite. Andre alternativ for tildeling av mineral inneber ofte usikkerheit om alle dyra får det dei skal ha, og fører ofte til ekstra arbeid med tildeling. Her er alt i ein pellets, og då er det enkelt å tappe direkte frå kraftfôrtanken.

Salget av Sauefôr Drektig har auka år for år. Unntaka har vore i dei åra og områda der det har vore stor grovfôrmangel. Sauefôr Drektig er så konsentrert med mineral og vitamin at det ikkje er anbefalt å gje meir enn 700-800 gram per dyr og dag. I tilfelle der grovfôrsituasjonen tilseier ennå større mengder kraftfôr anbefalast heller Sau/Lam Appetitt og eventuelt Fibermix.

 

SAUEFÔR DREKTIG

  • Ekstra rik på E-vitamin
  • Full dose makro- og mikromineral
  • Organisk selen
  • Positiv OBV
  • Høg andel norske kornvarer

 Anbefalt dosering: 3 til 5 hekto per dag. Holdige sauer bør i staden få tilskotsfôret «Premium Drektig Sau», 15-40 gram per dag.

Ein del bønder opplever at sauene vert for feite gjennom vinteren, og vil aller helst unngå all bruk av kraftfôr. Tilskotsfôret Premium Drektig Sau er eit godt alternativ for desse. Det er eit produkt i pulverform som strøast direkte på grovfôret. 

Slikkebøttene TOPLICK Sau kan også vere eit godt alternativfor mange, då også desse inneheld tilpassa nivå E-vitamin, organisk selen samt andre vitamin og mineral.

Sauefôr Drektig kan bestillast i både bulk, storsekk og småsekk og er tilgjengeleg i marknaden frå omlag 1. oktober til 1. april (Nord-Norge cirka 1. mai). NB! Husk å tilpasse mengda på bestillingane slik at de er klare for å gå over til TopLac Sau eller Sauefôr 2-5 veker før lamming.

FOR MER INFORMASJON OM SAUEFÔR, KONTAKT RÅDGIVER:

Leif Malvin Eggebø
Telefon: 982 61 261
E-post: leif.malvin@fiska.no

Kjell-Rune Vik
Telefon: 982 61 270
E-post: kjell-rune.vik@fiska.no

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.