Melkeku
Ved sterk fokus på høg mjølkeyting (8.000-12.000 kg/år), høg protein- og fett-% i mjølka og god fruktbarheit. Til appetittfôring av grovfôr ved middels utviklingstrinn. Gir også svært god respons på kjemisk innhald i geitemjølk, samt høgare mjølkeyting.
Som for Fiskå TopLac® Nøytral, men med negativ PBV passar den godt til appetittfôring av proteinrikt, tidleg hausta grovfôr av høg kvalitet.
Som for Fiskå TopLac® Nøytral, men med positiv PBV passar den godt til appetittfôring av svakt gjødsla grovfôr, eller grovfôr på eit seinare utviklingstrinn, eller mykje halm i rasjonen.
Består av 75% Toplac Høg og 25% Roetopp
Dette er ein variant av TopLac Nøytral, men er tilsett levande gjær. Internasjonale forsøk viser ofte at levande gjær gir høgare mjølkeyting, betre fiberfordøyelegheit og gjødselkonsistens, og ein gunstigare fôrfaktor. Om levande gjær er lønnsomt i di besetning er det berre dine dyr som kan gje svaret på. Meirkostnaden er 5 øre per kg utover TopLac Nøytral.
Melketopp Låg er mynta på topplaktasjonen i besetningar med mjølkeyting 7.000 - 9.000 kg mjølk per årsku, og som ønsker høgt fett- og protein-% i mjølka, og som har sterk fokus på god fruktbarheit. Godt vommiljø er vektlagt for å nå desse måla.
Med negativPBV passar kraftfôret til grovfôr med tidleg utviklingstrinn eller sterkt gjødsla grovfôr. Seinkar urea i mjølka samanlikna med Melketopp Nøytral.
Melketopp Nøytral er mynta på topplaktasjonen i besetningar med mjølkeyting 7.000 - 9.000 kg mjølk per årsku, og som ønsker høgt fett- og protein-% i mjølka, og som har sterk fokus på god fruktbarheit. Godt vommiljø er vektlagt for å nå desse måla.
Med nøytral PBV passar kraftfôret til grovfôr med middels utviklingstrinn.
Melketopp Høger mynta på topplaktasjonen i besetningar med mjølkeyting 7.000 - 9.000 kg mjølk per årsku, og som ønsker høgt fett- og protein-% i mjølka, og som har sterk fokus på god fruktbarheit. Godt vommiljø er vektlagt for å nå desse måla.
Med høg (positiv) PBV passar kraftfôret til grovfôr med seint utviklingstrinn, eller svakt gjødsla gras, eller der det inngår andre proteinfattige fôrslag i rasjonen.
Fiskå Kraftfull er eit fullblods mjølkeku-kraftfôr, og konkurrerer godt med både TopLac® og Melketopp. I det nye fôret har vi gjort kraftfulle grep for å maksimere dekningsbidraget til bonden, der både kraftfôrpris- og kvalitet står i sterk fokus.
Stivelses- og AAT-rikt kraftfôr spesielt tilpassa sukkerfattig surfôr som er hausta ved middels utviklingstrinn. Er tilsett levande gjær og bufferstoff. Aktuell i kraftfôrautomat til mjølkekyr eller i grunnmixen. Veleigna til kviger samt til framfôring av slakteoksar opp til ca 4-5 kg pr dag.
Rimeleg kraftfôr, aktuell i grunnmixen til mjølkekyr (1-4 kg pr dag). Er også høgaktuell til kviger, og er svært gunstig til framfôring av slakteoksar opp til ca 4 kg pr dag. Aktuell også til mellomkalv. Til grovfôr med middels kvalitet.
Gir betre vomfunksjon ved fiberfattig grovfôr. Inneheld havre, kveitekli, kjernemjøl , roesnitter og melasse. Fullt vitaminisert og mineralisert, moderat koparinnhald tilpassa sau. Høgaktuell ved grovfôrmangel samt fibermangel.
Fiberrikt kraftfôr basert på roesnittar (betepulp), kjernemjøl, melasse og salt, samt litt fett. Har ekstra negativ PBV, og er mest aktuell i kombinasjon med anna kraftfôr. Seinkar urea i mjølk/blod, og betrar gjødselkonsistens og vomfunksjon ved fibermangel.
Ekstremt fiberrikt kraftfôr basert på høg dose kjernemjøl samt ein del roesnittar (betepulp). Inneheld også melasse, salt og litt fett.
Fleire mjølkeprodusentar melder om auka fett-% i mjølka som følge av RoeKjerne samanlikna med Roetopp. Typisk dosering: 2-4 kg per ku per dag. RoeKjerne har meir nøytral PBV, og er mest aktuell i kombinasjon med anna kraftfôr som TopLac, Melketopp, Kraftfull etc. Er også ein god grovfôrerstattar.
Gryna spesialprodukt til fullfôrblandarar (grunnmix). Tilfører rasjonen både fiber og stivelse, og blandar seg betre med med tørt grovfôr enn pelletert vare. Inneheld roesnittar, bygg, kjernemjøl, melasse, salt og litt fett.
Maxammonbehandla, valsa norsk bygg. Er eit basisk fôrmiddel med nøytral PBV20. Fungerer perfekt i fullfôret til mjølkeku i doser på 4-6 kg pr ku pr dag, som er vårt tilrådde nivå. Lågare dose kan gje for liten respons (pH-effekt i vom), høgare dose kan gje for mykje stivelse i rasjonen. Ved optimal dosering melder mange at gjødselkonsistensen blir fastare, og at responsen er ein kombinasjon av auka fett- og protein-% i mjølka, med stabil mjølkeyting.
Bygg tilsett melasse og std. dosering vitamin/mineral. Aktuell til mjølkeku i små porsjonar for å seinke urea i blod/mjølk i kombinasjon med anna kraftfôr, samt med fiberrikt grovfôr gitt etter appetitt.
Aktuelt som del av rasjonen til gjeldkyr med høyt innhold av halm/seint slått gras. 300-600 gram pr dag øker da råmelkskvaliteten.
Spesialkraftfôr for å førebygge høge nivå fire fettsyrer (FFS) i mjølka. Innhaldet av antioksydantar er høgt. Fettsyreprofilen er annleis enn i vanlege kraftfôr for dels styrkje fettkulemembranen og dels redusere fettkulene sin størrelse. I tillegg er innhaldet av AAT svært høgt.
NB! Bestillingskraftfôr (ikkje lagervare), ver ute i god tid.
Les meir om produktet her: