Frå 1. juli betalar meieria meir for protein i mjølka (9 øre per tidels prosent) og mindre for feitt (6 øre per tidels prosent). Dermed løner det seg å satse på høgare proteinprosent.
Kjell-Rune Vik, produktsjef drøv
Ei skjerpa betaling for protein og svekka betaling for feitt er eit klart argument for å justere forholdet mellom kraftfôr og grovfôr i rasjonen – i retning meir kraftfôr.
Forsøk viser at når kraftfôret inneheld ein god del stivelse, aukar som regel proteinprosenten i mjølka. Meir kraftfôr gir meir stivelse i rasjonen, noko som endrar syreprofilen i vomma («dei flyktige feittsyrane», VFA). Resultatet er meir propionsyre og mindre eddiksyre. Propionsyre blir brukt annleis enn eddiksyre i metabolismen i kua då denne brukast i danninga av glukose (druesukker) og ikkje til mjølkefett.
Glukose blir jo brukt overalt i dyret, men er sentral i kua sin store produksjon av mjølkesukker. Glukose blir også brukt som energikjelde når kua skal absorbere aminosyrer frå tarmen og over i blodet. Aminosyrer er byggesteinar til protein i mjølk og musklar.
Kyr i tidleg laktasjon er alltid underfôra på energi; ofte i 40-80 dagar etter kalving. I dette tidsrommet manglar kua energi og glukose til å absorbere næringsstoff som til dømes aminosyrer som er komne til tarmen. For å likevel utnytte desse næringsstoffa innfører dei då ei metabolsk «nødprosedyre»: Dei brukar aminosyrer som energikjelde til absorpsjon! Desse burde jo bli brukte til å auke proteininnhaldet i mjølka (til kalven, som jo eigentleg skulla hatt den, slik at den veks raskare).
Meir kraftfôr/stivelse aukar altså kua sin produksjon av blodglukose, og gir ein indirekte positiv effekt på proteinprosent i mjølka gjennom betre absorpsjon av protein/aminosyrer frå tarmen.
Denne kunnskapen kan du no utnytte, så lenge du fôrar slik at pH i vomma ikkje kjem for langt ned. Gje mange små porsjonar med kraftfôr, framfor få og store. Vel òg rett kraftfôrtype (TopLac®, Melketopp™, Kraftfull™) tilpassa dine produksjonsmål, grovfôrkvalitet og fôringsteknikk.
Fiskå Mølle har bufra kraftfôret vårt godt med ein unik og veldig effektiv vombuffer. Dette gjer at du gradvis oftast kan auke kraftfôrrasjonen utan å få problem med vomma. Fettprosenten i mjølka kan etter kvart gå litt ned, men hugs at det er proteinprosenten som er viktigast for lommeboka no.
Det er viktig at du som mjølkeprodusent kjenner til denne effekten av meir kraftfôr.
Hugs også å fortsette som før med å bruke gjødselkonsistensen som indikator på om vomma fungerer. Rasjonen må vere balansert slik at drøvtygginga er god. For laus gjødselkonsistens kan tyde på fibermangel. Å auke mengda grovfôr med meir stenglar (NDF) vil då kunne løyse utfordringa. Det kan også vere at du har trappa opp kraftfôret for raskt. Hugs å bruke god tid på opptrappinga. Skal du auke frå t.d. 13 til 14 kilo per dag, bruk gjerne 4-5 dagar på dette.
Viktig å passe på: