Det er vedteke at forholdstalet blir sett ned til 1,01 av grunnkvota i 2026. Svært mange av våre kundar har naturleg nok brukt eitt av TopLac®-produkta siste året. Spørsmålet mange stiller oss no: Er det fornuftig å velje eit rimelegare kraftfôr neste år?
Av: Kjell-Rune Vik, produktsjef drøv & Maren Bjorland, fagsjef rådgjeving storfe
Melketopp-serien er jo vår gamle slager frå 90-talet. Før TopLac blei lansert i år 2001 var dette det beste kraftfôret vi kunne tilby til mjølkekyr. Melketopp Nøytral, Melketopp Låg og Melketopp Høg er framleis i sal og kan vere veldig aktuelle i 2026, då kiloprisen er lågare. Også energiprisen er litt under TopLac-serien. Melketopp gjev ein litt lågare yting enn TopLac.
Dersom du tenkjer at tal mjølkekyr i fjøset skal vere uendra i 2026, så er Melketopp eit veldig relevant kraftfôr. Også ungdyr over 4 mnd kan godt få Melketopp. Men merk at Nor500 og TopBull GROV er rimelegare på energibasis, gitt at du har bulksilo til desse.
Dersom du tenkjer å halde mjølkeytinga per ku ca. uendra, og vurderer å redusere talet på mjølkekyr, så er TopLac best. Også om du ønsker at mest mogleg av mjølka di skal vere produsert på eige grovfôr, så er TopLac mest effektiv.
I mjølkeproduksjonen er stabile fôrrasjonar svært ønskeleg. Om mjølkekvotane seinare blir skrudde oppover att, så sparar du tid om TopLac allereie er på tanken. Me tilbyr òg alle TopLac-variantane med Diamond V.
Med omsyn til energi- og proteinnivå ligg dette kraftfôret ca. midt i mellom TopLac og Melketopp. Spesielt i forhold til effekt på mjølkeyting. Kraftfull gir imidlertid ofte høgare fett- og protein-% i mjølka. Prismessig ligg den litt nærare TopLac. Kraftfull finst kun i Nøytral-variant.
Kraftfull kan godt vurderast om du framleis må «gønne på» for å fylle kvoten, samtidig som du vil maksimere tørrstoffbetalinga frå meieriet.
Kontakt din lokale rådgiver for mer informasjon
|