Kunnskap

Fire bønder i Breim med ytingar over 10.000 liter

Skrevet av Fiskå | Jul 1, 2015 2:32:00 PM

Jordbruksbygda Breim i Gloppen i Sogn og Fjordane har ein aktiv og omfattande mjølkeproduksjon. Fire av bøndene hadde buskapar med mjølkeyting over 10.000 liter mjølk (EKM) i 2014. Desse og 24 andre i landstoppen fekk blomster av Fiskå Mølle for den høge ytinga. – Vi triggar kvarandre til betre resultat, seier Breim-bøndene.

 

- Målet må vere å ligge litt framfor snittet i landet. Og for å få resultat kan ein ikkje gå rundt å sjå på klokka og vente at ein er ferdige til det og det tidspunktet, seier ein av bøndene, Kjell Paulen, til lokalavisa Firda.

Firda var med då produktsjef Kjell-Rune Vik og kundekontakt Jan Ove Hafstad i Fiskå Mølle overleverte blomster til Paulen og dei tre andre bøndene som takk for innsatsen i 2014.

Vi er imponerte over kor dyktige dei er, og er stolte og audmjuke over at vi får vere leverandør av kraftfôr til desse flinke produsentane, seier Vik.

 

 

FOKUS PÅ DYRESTELL

Dei fire Breim-bøndene hadde ei mjølkemengd på over 10.000 liter per
mjølkeku i fjor. 32 år gamle Karl Mattis Haugland Persson kom høgst av dei fire, og ligg som nummer 11 i landet. Han kan vise til ei mjølkemengd på 10.890 liter per ku.
Persson tok over drifta etter faren og byrja som fulltidsbonde i 2003. I 2013 bygde han ny fjøs med mjølkerobot. Sidan har mjølkemengda auka med over 2000 liter per ku. Trass i moderne utstyr, trekkjer han fram dyrestellet som ein avgjerande faktor for dei gode resultata.

 



- Det er viktig å få fram at det å gjere ein god jobb i fjøsen verkar. For trass i at ein har fått inn robot som mjølkar, så må ein bruke minst like mykje tid i fjøsen. Dyra skal ha tilgang til godt
grovfôr heile dagen, og ein må følgje med om ting går slik det skal, seier Persson til Firda.

Kjell-Rune Vik understrekar betydinga av eit godt kalvestell og eit godt kvigeoppdrett, noko alle desse bøndene har lagt vekt på.

– Kvigene blir større og meir livskraftige, og gir ein høgare mjølkeyting i første laktasjon. Her får ein stor gevinst av aktiv innsats i oppdrettet, seier han.

- Godt surfôr og kraftfôr er óg sentralt. TopLac og litt Fibermix fungerer svært godt til alle her i kombinasjon med totrinnshausta surfôr, legger han til.

 

 

GODT LANDBRUKSMILJØ

Breim og Gloppen er kjende for å ha eit godt miljø for
landbruk. Bøndene motiverer og rådfører seg med kvarandre, og det gjer utslag på resultata.

- Det triggar ein jo å sjå at naboen gjer det bra. Då tenkjer ein at når dei greier det, så må eg og greie det, seier Per Jarle Myklebust til Firda.

- Samtidig har det danna seg eit miljø som fleire nyt godt av. Er det noko ein slit med, så har ein nokon å spørje om råd, seier Kjell Paulen til avisa.