Sau

Toplac sau

Ekstremt konsentrert kraftfôr for ekstra høg mjølkeyting og lammetilvekst. Perfekt til holdige sauer med 1-3 veker innefôringstid etter lamming. Tilbydast i 1. halvår.

Sauefôr

Kvalitetsfôr til lammetida som gir god mjølkeyting kombinert med gode magar og godt opptak av kraftfôr. Høgt innhald av E-vitamin innfrir behovet etter lamming. Tilbydast i 1. halvår

Sau/Lam appetitt

Fiber- og proteinrikt "all-round" kraftfôr til alle sesongar. Fungerer også svært godt i kraftfôrautomatar.
Etter nyttår aukast protein-og energiinnhaldet og tilpassast lamminga. Er då ideelt både til kopplam, samt til appetittfôring av søyer i lammetida. 
Til hausten seinkast protein- og stivelsesinnhaldet eit par hakk og blir då perfekt også til appetittfôring av slaktelam for høg tilvekst. 

Sauefôr Drektig

Vitamin- og mineralrikt kraftfôr frå paring til lamming. 3-5 hekto pr dag dekker behovet for mineral- og vitamin, og ein slepp då å gje anna tilskotsfôr utanom dette kraftfôret. Svært høgt innhald av E-vitamin (650 mg/kg). 

Fibermix

Fiberrikt kraftfôr med nøytral PBV, mest aktuell til sau ved grovfôrmangel. Fullt vitaminisert og mineralisert, moderat koparinnhald tilpassa sau.