Av: Kjell-Rune Vik, produktsjef drøvtyggarfôr
I Buskap 1/2026 fortalde eg om bruk av coata kalsiumklorid som kan løyse utfordringa omkring mjølkefeber ved kalving gjennom å surgjere blodet til sinkua. Då aukar nivået av Ca i blodet omkring kalving slik at kua ikkje får verken skjult eller synleg mjølkefeber. Parallell måling av urin-pH før kalving er eit praktisk styringsverktøy for å sjekke om ein har gitt tilstrekkeleg kalsiumklorid til å oppnå ein god biologisk effekt. Vi var også innom fordelane av å dele sinkyrne inn i fjern- og nær-kalvingsgrupper som ein del av strategien før kalving.
Jord- og planteartane i Norge har variabelt innhald av mineral, og gjødslinga av graset samt responsen av gjødslinga kan gje store variasjonar i mineralinnhaldet i surfôret. Mineralane blir også påverka av utviklingstrinnet: Tidlegare hausta gras gir ofte høgare KAD-verdi, spesielt på førsteslåtten. Det er ikkje berre kalium som varierer, men også natrium, klor og svovel. Alle elementa påverkar KAD-verdien. Sjå tabell 1 for dømer.
Tabell 1. Dømer på typisk surfôr til sinkyr, samt halm. Surfôr A er ekstra seint hausta. Surfôr B, C og D er noko seint hausta og har like protein- og energiverdiar, men har likevel ulike mineral- og KAD-verdiar
|
NDF g/kg TS |
Råprotein |
NEL20 |
Kalium |
KAD |
|
|
Surfôr A: |
567 |
140 |
5.32 |
19.4 |
187 |
|
Surfôr B: Låg OMD, |
538 |
150 |
5.78 |
17,0 |
9 |
|
Surfôr C: Låg OMD, medium KAD |
538 |
150 |
5.78 |
21,7 |
204 |
|
Surfôr D: Låg OMD, |
538 |
150 |
5.78 |
35.0 |
300 |
|
Halm, ubehandla |
767 |
38 |
3.3 |
16.3 |
131 |
I tillegg er det stor skilnad mellom korleis mjølkebønder fôrar sinkyrne sine med grovfôr. Somme gir sinkyrne det same gode surfôret som mjølkekyrne, og dette er ofte godt gjødsla og tidleg hausta. Eventuelt at sinkyrne får «oppsop» av slikt surfôr. Dei flinkaste har imidlertid ei eiga sinkuavdeling der sinkyrne får eit eige surfôr hausta på eit seint utviklingstrinn. Eller endå betre: Ein sinkumiks som inneheld både seint hausta surfôr og snitta halm for å få ned energiverdien i rasjonen, samt for auke både NDF-innhaldet og drøvtygginga. Sjå dømet i tabell 2.
Tabell 2. Døme på sinku-miks som skal brukast til både fjern- og nær-kalvingsgruppa
|
Kg/ku/dag |
% av TS |
|
|
Surfôr A, ekstra låg fordøyelegheit |
30,3 |
89,5 |
|
Halm. Snitta, ubehandla |
1,1 |
9,6 |
|
Klassisk sinkumineral |
0,10 |
0,92 |
Næringsverdiar i sinku-miksen i tabell 2:
KAD: +152 meq/kg TS, råprotein: 129 g/kg TS, NDF: 581 g/kg TS, NEL20: 5,1 MJ/kg TS
Vår franske leverandør av coata kalsiumklorid har gjort eigne erfaringer med dette unike coata produktet, og uttaler: «Erfaringa er at 100-150 gram per dag er høveleg dosering til å oppnå god effekt, avhengig av KAD i sinkufôret.»
Men våre berekningar i vinter har fleire gongar vist at denne tilrådde doseringa ikkje er optimal i norske sinkurasjonar.
Vi tek utgangspunkt i den klassiske sinkumiksen i tabell 2, og gir denne til fjern-kalvingsgruppa. Nær-kalvingsgruppa får ein oppgradert versjon av same miksen der ein blandar inn coata kalsiumklorid og kraftfôr som vist i tabell 3. Vi stiller krav til negativ KAD i nær-kalvingsgruppa etter NorFor, og får då fôrrasjonane som vist i tabell 4.
Tabell 3. Typisk innhald av KAD i kraftfôr og tilskotsfôr til sinku
|
KAD |
|
|
Kraftfôr A (for høglaktasjon) |
82 |
|
Klassisk sinkumineral |
-3.018 |
|
Sinkumineral inkl. coata kalsiumklorid |
-9.381 |
|
Coata kalsiumklorid |
-12.468 |
Tabell 4. Sinkurasjon med coata kalsiumklorid (CaCl2)
|
Sinkumiks |
Coata CaCl2 |
Kraftfôr A |
KAD Meq/kg TS |
Råprotein g/kg TS |
|
|
Fjern-kalvingsgruppa, |
31,5 |
- |
- |
152 |
129 |
|
Nær-kalvingsgruppa, |
28,8 |
210 |
2,8 |
-75 |
141 |
Vi ser at doseringa av coata kalsiumklorid må opp i 210 gram for å få KAD-verdien i rasjonen ned i -75 meq/kg TS!
Om ein nyttar surfôr D i tabell 1 (KAD = 300), samt litt meir halm så må doseringa opp heile 272 gram for å få DCAD ned i -75 meq/kg TS!
Kun om ein nyttar surfôr B (KAD = 9) så får ein akseptabel KAD-verdi i rasjonen til nær-kalvingsgruppa om ein doserer beskytta kalsiumklorid i mengdene som tilrådd av leverandøren.
Det er i utgangspunktet ønskeleg å lage eit sinkumineral som inneheld både vitamin, mineral og coata kalsiumklorid. Men det er vanskeleg å lage ideelle sinkurasjonar med korrekt vitamin og mineralinnhald dersom doseringa av det kombinerte tilskotsfôret varierer sterkt på grunn av KAD-verdien.
Konsekvensen av denne kunnskapen er at bonden bør analysere surfôret til sinkyrne for mineral i tillegg til vanlege næringsverdiar. Coata kalsiumklorid doserast til nær-kalvingsgruppa slik at KAD-verdien blir -75 til -100 meq/kg TS. Optimal dosering skal gje ein urin-pH på ca. 5,5 til 6,0.
Sinkumineral gjevast uavhengig av KAD-verdien av surfôret. Ofte er 100 gram per ku passe i heile sinkuperioden.
.