<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Fiskå Mølle justerer PBV i kraftfôret

Surfôranalysane i heile landet ser så langt ut for å vere meir proteinrike i år enn i fjor. Det gjer det fornuftig å seinke innhaldet av råprotein i kraftfôr med nøytral PBV. Dette slik at ureaverdiane i mjølka ikkje blir unødig høge.

Av:  Kjell-Rune Vik, produktsjef drøvtyggarfôr

I dei fleste fylker ligg gjennomsnittlege PBV20-verdiar i grasavlingane på førsteslåtten mellom +25 og +40 gram PBV20 per kilo tørrstoff. Andreslåtten er endå litt meir proteinrik.

Sjølv om det er mange surfôrprøvar som i skrivande stund er under analysering, eller ikkje ein gong er tekne ut, så er trenden likevel ganske lik i alle fylker. Trass variasjonar i analysane har vekstforholda til graset for veldig mange bønder vore slik at nitrogengjødsla har blitt teken opp, og mykje protein er danna i graset. Dette har gitt noko høgare PBV20 enn normalt. I fjor var forholda omvendt i fleire landsdelar. PBV20-verdiane i fleire av våre kraftfôr vart då justerte opp til noko høgare nivå enn normalt. No korrigerer vi kursen og tilpassar kvaliteten i Nøytral-blandingane våre slik at mange slepp å skifte kraftfôrtype.

Det er TINE som har framskaffa statistikken over analyseresultata i norsk surfôr, og våre eigne lokale analysar viser same trend. 

Kraftfôr med nøytral PBV20 mest populært

Salsstatistikken viser heilt klart at kraftfôrblandingane med PBV20 frå 0 til +20 gram per kilo tørrstoff er klart mest populære, og utgjer typisk 60% av kraftfôrsalet. PBV20 i «Låg-blandingane» blir ikkje justerte, og det same gjeld kraftfôrblandingane med Høg PBV.

Vi ventar elles at salet av kraftfôr med negativ PBV blir høgare i år enn i fjor, medan salet av Høg-blandingar går ned.

DSCF1142_red

Vi hjelper deg med å ta ut surfôrprøver. Kontakt din lokale rådgjevar.

 

Ta eigne surfôranalysar

Sjølv om trenden er auka proteininnhald på mange gardar i år, så treng det ikkje vere slik hos deg. Slåttetidspunktet ditt og vêrforholda kan vere annleis, og det same med gras- og jordartane dine. For å dosere rett kraftfôrmengde og velje optimal kraftfôrtype er det dessutan avgjerande å vite energiverdien, fiberinnhaldet samt gjæringskvaliteten i surfôret ditt. Nokre av våre analyser viser også høge nitratverdiar etter tørken, noko som kan vere alvorleg og som kan gjere at ein må endre bruksområdet til akkurat dette partiet.

Alt dette kan Fiskå Mølle hjelpe deg med. Vi kan ta ut surfôrprøver, sende desse inn og tolke kvaliteten saman med deg. Vi set gjerne opp fôrplanar til både mjølkekyr, slakteoksar og ammeku. Sjå kontaktoversikt her. 



Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.