<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Kraftfôrval på beite

God praksis rundt fôring av mjølkekyr.

Av: Kjell-Rune Vik, produktsjef drøvtyggjarfôr

Fleire av landets mest høgtytande besetningar har aktiv beitedrift. Dei seier rett ut at "Javisst går mjølkeytinga ned i beiteperioden, men dyra har godt av å vere ute på grønt gras. Det gir friskare og meir livskraftige kyr”.

Helse og trivsel veit vi har stor betydning for avdrått og fruktbarheit. Erfaringa til desse bøndene tyder jo på at ting heng i hop likevel: Beiting er investering i kua!

I denne artikkelen skal vi gje nokre tips til korleis du bør velje å dosere optimalt kraftfôr når målet er å oppretthalde mjølkeproduksjon og kjemisk innhald i mjølka.

 

 1 (16)

 

OVERGANG TIL BEITE BØR SKJE GRADVIS

Overgong til beite gjer erfaringsvis at ein risikerer fall i både mjølkeyting og fett-% i mjølka. Risikoen er  størst når beitekvaliteten er god, samt i overgongen frå surfôr til beitegras.

Overgong til beite medfører ei stor endring i fôrrasjonen til kyrne. For å oppnå ein mjukare overgong bør kyrne den første veka fôrast inne med vanleg surfôr før ein slepp dei ut på dagbeite. Opphaldet ute bør innleiingsvis vere berre nokre få timar midt på dag. Om kvelden/ natta og om morgonen gjeast surfôr som vanleg – den første tida. Det er ein stor fordel om dette surfôret inneheld ein del fiber.

Vi veit at mange bønder held fast på dei opphavlege kraftfôrmengdene dei første 1-2 vekene etter beiteslepp, men om beitekvaliteten er god (15-20 cm langt gras) tilrår vi likevel å redusere gradvis dei dagleg tildelingane av kraftfôr allereie etter få dagar. Høgtytande kyr (> 30 liter mjølk/dag) bør etter kvart få ein reduksjon på 0,5 – 1,0 kg pr dag frå 3-4 dagar på beite og fram til det er gått ei veke. Dette fordi ungt beitegras er så sukkerrikt, fiberfattig og smakeleg (!), at kuvomma som følgje av for stor tilgang på lettomsettelege næringsemner, ikkje greier å halde oppe pH. Vombelastninga kan altså bli for stor, noko som ”slår ut vomma” og gir ”lause magar”. Ein oppnår då fall i fettprosenten i mjølka, svekka vomfordøying og redusert appetitt på kraftfôret. Også mjølkeytinga kan bli svekka om ein ikkje reduserer kraftfôrmengda til desse.

Etter 2 veker er vomma betre tilpassa grønt gras, og ein kan då gje surfôr berre om natta, evt. gå over til beiting heile døgnet dersom beitesitasjonen og vèrforholda tillet dette.

 

3 (14)

 

SKIFTE KRAFTFÔR? STREv ETTER STABILE FORHOLD!

Notèr følgande viktige lærdom: Ei velfungerande mjølkeku som på innefôring er høgt i produksjon, svarar alltid positivt på stabile forhold utover i laktasjonen. Å endre frå surfôr til beitedrift er ei svært krevjande endring om du ikkje i tillegg også skal endre også på kraftfôret! Det er derfor viktig å ha denne kunnskapen i mente – spesielt dei første 2 vekene av beitesesongen. Utviklingstrinnet på graset avgjer om du deretter skal skifte kraftfôrkvalitet. Urea-målingar av tankmjølka gir deg viktig støtte i den vidare vurderinga. Brukte du ei Nøytral-blandingar av TopLac eller Melketopp på innefôringa, og har ein urea i tankmjølka to veker etter beiteslepp på mellom 7 og 9 mmol/l, så bør du skifte til TopLac Låg eller Melketopp Låg på neste lass. Dette for å hindre overfôring av protein som kan gje fruktbarheitsproblem og tapt mjølkeyting.

Veit du at graset snart vil vekse over og bli langt, vil du derfor snart likevel ha behov for ei  kraftfôrblanding med nøytral PBV.

Om graset utover sommaren får utvikle seg i lengde, eller det har blitt tørt, så blir det også meir stenglar og mindre bladmasse. Då vil urea i mjølka falle. Dette fordi eldre beitegras inneheld mindre protein enn ungt gras. Tørke gjer dessutan at gjødsla ikkje løyser seg opp, men blir liggande att på bakken. Det gir proteinfattig gras i tillegg til redusert avling. Når urea nærmar seg 4,0 - 4,5 er det fornuftig å skifte til ei Nøytral-blanding. Samtidig er det ofte nødvendig å auke kraftfôrmengdene for å oppretthalde ytinga. Sjå tabellen under for tilrådde kraftfôrmengder på beite.

Dosering av kraftfôr (kg pr dag) på ulike beitekvalitetar og ytingsnivå.

 

Yting, kg pr dag

Ungt godt beite

Middels beite

Svakt beite/utmark

15

-

1

3

20

1

3

5

25

3

5

7

30

5

7

9*

35

6

9*

11*

40

7

11*

13*

* Doseringane her krev kraftfôrautomat eller sterk oppdeling av rasjonen, maks 3 - 3,5 kg pr mål.

Alternativt: Set tak på 7 kg/dag.

 

4 (16)

 

BEITING I ROBOTBESETNINGAR

Fall i mjølkeytinga  på beite er også gjeldande for robotbesetningar, noko som er vist i både norske og utanlandske forsøk. Ein av årsakane her kan vere at beitegras verkar meir forlokkande enn kraftfôr i roboten. Besøksfrekvensen går då ned, og det same gjer mjølkeytinga. Utfordringa er størst dersom avstanden til beitet er meir enn ein kvart kilometer. Skal ein oppretthalde mjølkeytinga, stiller det i tillegg høge krav til beitekvalitet samt at beitearealet må vere forholdsvis stort. Bioforsk antyder maksimum 0,8 dyr pr dekar i intensive system for skiftebeiting.

Les også beiteartikkelen om Frode Lynum (2017) om korleis dei kombinerer ei høgtytande besetning med mjølkerobot og intensiv beitedrift.

 

AKTUELLE KRAFTFÔR

TopLac®-serien:  Dei fire konsentrerte produkta (Låg, Nøytral, Høg og Fiber) gir klart best respons i mjølk, fett og protein. Dei er lønsame også på beite dersom ein har ledig mjølkekvote. Bruk TopLac Låg frå beiteslepp og framover så lenge beitet har god kvalitet. Urea i tankmjølka bør vere over 4,2 mmol/l. Skift til den meir proteinrike TopLac Nøytral når urea nærmar seg grensa. Risikoen ved mangel på PBV er eit redusert opptak på beite, og lågare mjølkeproduksjon. Unngå samtidig verdiar over 7 mmol/l, då dette gir svak fruktbarheit. Urea-verdiane i tankmjølka går opp ca 1 poeng om ein skiftar frå Låg-blanding til Nøytral-blanding, men responsen her er dose-avhengig.

Melketopp-serien: Dei tre produkta er noko mindre konsentrerte også fordi dei inneheld meir fiber, og er litt rimelegare enn TopLac. Dei er likevel gode på mjølk, fett og protein, og er mest aktuelle i besetningar som ikkje brukar TopLac i innefôringa. Bruk Melketopp Låg og Nøytral på same måte som for TopLac-serien.

Fiskå Kraftfull™  kan vere aktuell for somme. Samanlikna med TopLac gir den høgare fett-% i mjølka, men mindre mjølk pr ku pr dag. Er derfor aktuell i besetningar som likevel fyller mjølkekvota. PBV er nøytral, og godt høver til middels beitekvalitet.

 

 

Beitekvalitet ↠

 

Mjølkeyting per årsku ↡

Ungt godt beite

PBV20-nivå over +40 g per kg TS. Typisk beitegras under 25 cm samt raigras/kløvereng.

Middels beite

PBV20-nivå +10 til +40 g per kg TS. Typisk beitegras 25 til 50 cm lengde, eller ved tørkeråka eng.

PBV-fattig beite

PBV20-nivå under +10 g per kg TS. Ved tørkeråka eng, ugjødsla utmark eller langt kome gras.

Høg yting,
over 8.500 kg
TopLac® Låg

TopLac® Nøytral
TopLac® Fiber

TopLac® Høg
Middels yting,
7.000 – 8.500 kg
Melketopp Låg Melketopp Nøytral
Kraftfull™
Melketopp Høg
Moderat yting,
6.000 – 7.500 kg
Melketopp Låg Nor500
Melketopp Nøytral
Kraftfull™
Melketopp Høg

 

 

BESTILL HER

 

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.