<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Fiskå Seinlaktasjon - et nytt spesialfôr for redusert nivå av frie fettsyrer i mjølka

Kjell-Rune Vik, produktsjef drøvtyggarfôr

Besetningar med mange kyr i seinlaktasjonen er utsette for å miste elitemjølkstillegget då det er vanleg at nivået av frie fettsyrer (FFS) i mjølka aukar. Fiskå Mølle tilbyr no eit nytt kraftfôr som reduserer risikoen i denne perioden.

Dersom snittinnhald av FFS i tankmjølka i aktuell månad er over grenseverdien på 0,90 prosent, så misser ein elitemjølkstillegget. Dette utgjer 30 øre per liter. Leverer ein til dømes 30 000 liter så blir tapet 9000 kroner den månaden. 

ÅRSAK - VERKNAD - TILTAK

I mjølka er fettet beskytta i såkalla fettkuler omgitt av ein membran. Fettprosent i mjølka aukar utetter i laktasjonen, og det skjer ved at fettkulene i mjølka blir større i volum. Når denne membranen av ulike årsaker blir øydelagt, vil enzym i mjølka spalte fettmolekyla, og eit av endeprodukta er frie fettsyrer. Eit høgt innhald av frie fettsyrer gir auka risiko for beisk smak på mjølka.

Fettkulene sprekk til dømes dersom mjølka blir piska eller den blir utsett for anna hard handsaming. Skånsam handtering av mjølka er ein føresetnad for å halde nivået FFS lågt; mjølkeanlegget må vere i orden. Kvaliteten av fettkulemembranen kan også ha blitt svak som følgje av fettsyreprofilen i membranane, eller mangel på antioksidantar i fôret.


I tillegg har nedtrappinga av kraftfôr betydning. Det er som kjent viktig å trappe ned kraftfôret frå midtlaktasjonen og fram mot avsining for å unngå feite kyr. Men mange har erfart at om ein trappar for hardt ned dei siste 1-2 månadene av laktasjonen så kan nivået FFS auke unødig mykje. Til dømes dersom mjølkeproduksjonen ikkje minkar særleg trass nedtrapping, og kua heller ikkje får kompensere bortfallet av energi gjennom auka grovfôropptak (manglande appetittfôring eller dårleg surfôrkvalitet). Då mobiliserer kua eige kroppsfett som igjen aukar nivået med FFS.

Via fôringa er det mogleg å styrkje fettkulemembranane, og ein kan også forsøke å motverka kua sin produksjon av mjølkefett denne tida slik at fettkulene ikkje blir så store. I Fiskå Seinlaktasjon har vi gjort begge deler.


EIGENSKAPAR

Mange av våre kundar har erfart at eit høgt nivå E-vitamin i rasjonen faktisk reduserer nivået FFS. I Fiskå Seinlaktasjon er derfor nivået E-vitamin veldig høgt. Også selen (Se) er løfta eitt hakk. Begge desse næringsstoffa motverkar oksidasjon i cellene, og det er grunn for å mistenkje at dei har ein positiv effekt på kvaliteten av fettkulemembranane.

I tillegg har Fiskå Seinlaktasjon ein annan fettsyreprofil enn vanleg kraftfôr. Denne vil dels styrkje fettkulemembranen og dels redusere fettkulene sin størrelse.

Fleire rådgjevarar i Tine Sør fortel om positiv effekt på nivået FFS i mjølka i seinlaktasjonen av å gje 0,5- 1 kilo proteintilskot i tillegg til vanleg kraftfôr. Resepten vår er i basert på ein kraftfôrrasjon som består av 4 kg TopLac Nøytral + 1 kg Fiskå Proteintilskudd.

 

BESTILLINGSVARE

Fiskå Seinlaktasjon er bestillingsvare hos oss. Kontakt din lokale Fiskå Mølle-rådgjevar og avklar leveringstida der du er.

 

TINE Optifor er oppdatert til fôrplanlegging (Fiskå Mølle, Tau).
Om du er interessert i å prøve kraftfôret,

kontakt Kjell-Rune Vik, produktsjef drøvtyggarfôr
Telefon: 982 61 270
E-post: kjell-rune.vik@fiska.no


Eller spør din lokale rådgiver på drøv.

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.