Mjølkekyr på beite er investering i kua

Fleire av landets mest høgtytande besetningar har aktiv beitedrift. Erfaringa til desse bøndene er eintydig: Helse og trivsel har stor betydning for årsavdrått og fruktbarheit. Trass i at mjølkeytinga går ned i beiteperioden har dyra godt av å vere ute på grønt gras, hevdar dei. Det gir friskare og meir livskraftige kyr med betre beinhelse.

 

Av: Produktsjef drøvtyggarfôr Kjell-Rune Vik

 

Overgang til beite bør skje gradvis

Overgong til beite gjer erfaringsvis at ein risikerer fall i både mjølkeyting og fett-t% i mjølka. Risikoen er  størst når beitekvaliteten er god, og spesielt i overgongen frå surfôr til beitegras.

Overgong til beite medfører ei stor endring i fôrrasjonen til kyrne. For å oppnå ein mjukare overgong bør kyrne den første veka fôrast inne med vanleg surfôr før ein slepp dei ut på dagbeite. Opphaldet ute bør innleiingsvis vere berre nokre få timar midt på dag. Om kvelden/ natta og om morgonen gjeast surfôr som vanleg – den første tida. Det er ein stor fordel om dette surfôret inneheld ein del fiber.

Vi veit at mange bønder held fast på dei opphavlege kraftfôrmengdene dei første 1-2 vekene etter beiteslepp, men om beitekvaliteten er god (15-20 cm langt gras) tilrår vi likevel å redusere gradvis dei dagleg tildelingane av kraftfôr allereie etter få dagar. Høgtytande kyr (> 30 liter mjølk/dag) bør etter kvart få ein reduksjon på 0,5 – 1,0 kg pr dag frå 3-4 dagar på beite og fram til det er gått ei veke.

 

 

Dette fordi ungt beitegras er så sukkerrikt, fiberfattig og smakeleg (!), at kuvomma som følgje av for stor tilgang på lettomsettelege næringsemner, ikkje greier å halde oppe pH. Vombelastninga kan altså bli for stor, noko som ”slår ut vomma” og gir ”lause magar”. Ein blir då straffa med fall i fettprosenten i mjølka, svekka vomfordøying og redusert appetitt på kraftfôr. Også mjølkeytinga kan bli svekka om ein ikkje reduserer kraftfôrmengda til desse.

 

Etter 2 veker er vomma betre tilpassa grønt gras, og ein kan då gje surfôr berre om natta, evt. gå over til beiting heile døgnet dersom beitesitasjonen og vèrforholda tillet dette.

 

 

Skifte kraftfôr? Streb etter stabile forhold.

Notèr følgande viktige lærdom: Ei velfungerande mjølkeku som på innefôring er høgt i produksjon, svarar alltid positivt på stabile forhold utover i laktasjonen. Å endre frå surfôr til beitedrift er ei svært krevjande endring om du ikkje i tillegg også skal endre også på kraftfôret! Det er derfor viktig å ha denne kunnskapen i mente – spesielt dei første 2 vekene av beitesesongen. Utviklingstrinnet på graset avgjer om du deretter skal skifte kraftfôrkvalitet.

 

Urea-målingar av tankmjølka gir deg viktig støtte i den vidare vurderinga. Brukte du ei Nøytral-blandingar av TopLac eller Melketopp på innefôringa, og har ein urea i tankmjølka to veker etter beiteslepp på mellom 7 og 9 mmol/l, så bør du skifte til TopLac Låg eller Melketopp Låg på neste lass. Dette for å hindre overfôring av protein som kan gje fruktbarheitsproblem og tapt mjølkeyting.

 

 

Dersom du derimot av erfaring veit at graset snart vil vekse over og bli langt, så vil du snart likevel ha behov for ei kraftfôrblanding med nøytral PBV. Men overvakse gras dempar mjølkeytinga. Reflektèr derfor over kva moglegheiter du har til å unngå dette ved å heller rundballe dette graset før det blir for gammalt, for å istaden å tilby gras frå eit anna skifte med eit tidlegare utviklingstrinn. Du kan kanskje tilby desse rundballane på fôrbrettet seinare på sommaren når tørke og redusert beitetilgang er ei utfordring?

For om graset utover sommaren får utvikle seg i lengde, så blir det som kjent meir stenglar og mindre bladmasse. Eldre beitegras inneheld mindre protein enn ungt gras. Urea i mjølka fell gradvis. Når urea nærmar seg 4,0 - 4,5 er det fornuftig å skifte til ei Nøytral-blanding. Samtidig er det ofte nødvendig å auke kraftfôrmengdene for å oppretthalde ytinga. Sjå tabellen over for tilrådde kraftfôrmengder på beite.

 

Dosering av Fiskå-kraftfôr (kg pr dag) på ulike beitekvalitetar og ytingsnivå.

Yting, kg pr dag

Ungt godt beite

Middels beite

Svakt beite/utmark

15

-

1

3

20

1

3

5

25

3

5

7

30

5

7

9*

35

6

9*

11*

40

7

 11*  13*

* Doseringane her krev kraftfôrautomat eller sterk oppdeling av rasjonen, maks 3 - 3,5 kg pr mål. Alternativt: Set tak på 7 kg/dag.

 

Beiting i robotbesetningar

Fall i mjølkeytinga  på beite er også gjeldande for robotbesetningar, noko som er vist i både norske og utanlandske forsøk. Ein av årsakane her kan vere at beitegras verkar meir forlokkande enn kraftfôr i roboten. Besøksfrekvensen går då ned, og det same gjer mjølkeytinga. Utfordringa er størst dersom avstanden til beitet er meir enn ein kvart kilometer. Skal ein oppretthalde mjølkeytinga, stiller det i tillegg høge krav til beitekvalitet samt at beitearealet må vere forholdsvis stort. Nibio antyder maksimum 0,8 dyr pr dekar i intensive system for skiftebeiting.