<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Vatn – billeg og viktig frå kalven sin første levedag

Vatn er det absolutt viktigaste fôrmiddelet, både for unge og vaksne storfe. Det er i tillegg det rimelegaste, men trass det har ikkje alle kalvar alltid tilgang til vatn. Gje vatn til kalvane allereie frå dag ein – det aukar kalvane sin trivsel og vil kunne forbetre økonomien.

 

Den nyfødde, friske kalven består av opptil 87 prosent vatn, ein prosentdel som er vesentleg høgare enn den eldre storfe. Av den grunn vert kalven lett påverka av forstyrringar i væskebalansen. Når kalven får i seg væske vert ein del av denne bunden i musklar, feitt og bein, medan resten vert frigjort via sveitte, anding, urin og avføring. Vatn trengst for å transportere næringsstoff gjennom kroppen, eliminere avfallsstoff gjennom urin og avføring, oppretthalde mineralbalansen, regulere kroppstemperaturen og sist, men ikkje minst, for å drive fordøyinga av mat.

 

HUGS VATN

Det er ei vanleg misforståing at kalvar som får mjølk ikkje treng vatn. Behovet for væske er på opptil 15 prosent av kroppsvekta – altså opp mot seks liter vatn for ein nyfødd kalv og ni liter for ein kalv på ein månad. Tidleg i kalven sitt liv er med andre ord ikkje mjølketildelinga nok for å tilfredsstille kalven sitt væskebehov.

Sjølv om både mjølk og vatn stoppar væskebehovet fyller dei litt ulike funksjonar. Når kalven drikk mjølk passerer mesteparten av væska vomma via bollerenna og endar opp i løypemagen. Når kalven drikk vatn endar væska i staden opp i vomma. Ein føresetnad for at bakteriane i vomma skal kunne fordøye fôret er nettopp vatn. Utan væsketildeling utanom mjølk vil altså mesteparten av væska passere vomma, og bakteriane i vomma får dårlegare levevilkår. Det vil igjen sjølvsagt resultere i seinare vomutvikling og dårlegare nedbryting av fôr.

Tilstrekkelege mengder væske er naudsynt for at kalven skal kunne ete kraftfôr og grovfôr. For kvart kilo tørt fôr konsumert reknar ein at det trengst fire gonger så mykje vatn berre for å fordøye fôret. Kalvar som får fritt tilgang til vatn et difor meir fôr og veks dermed betre enn kalvar med dårleg tilgang til vatn. Høg tilvekst under mjølkeperioden gir, i tillegg til tidlegare innkalving, høgare mjølkeproduksjon i framtida. Ein tredje fordel med høgt tørrfôropptak er at kalvane klarar seg betre ved avvenjing enn kalvar som et lite utanom mjølka.

 

910a6349 (1)

Fritt tilgjenge: Kalvar som får fritt tilgang til vatn et meir fôr og veks dermed betre enn kalvar med dårleg tilgang til vatn.

 

KJAPPE FAKTA OM VATN:

  • Gje alle kalvar vatn frå dag ein og få meir mjølk i tanken og betre tilvekst

  • Kalvar med fritt tilgjenge til mjølk drikk og vatn utanom mjølkefôringa

  • For kvart kg tørrfôr kalven et treng den 4 kg vatn. Avgrensar du vassinntaket avgrensar du og fôrinntaket

  • Tilgjenge til vatn lindrar diaré gjennom at kalven sjølv kan mildne sjukdomssymptomene på eit tidleg stadium

 

MJØLK I VOM

Når kalven drikk mjølk er han stort sett svolten, og ikkje nødvendigvis tørst. Bollerenna, som transporterar mjølka til løypemagen, fungerar ikkje optimalt dersom kalven må drikke mjølka for å sløkke tørsten. Risikoen for at mjølka hamnar i vomma i staden for løypemagen er difor større for kalvar som ikkje får vatn. Mjølk i vomma er svært negativt fordi det skapar eit surt miljø som vidare kan føre til diaré, trommesjuke og nedsett appetitt. Sist men ikkje minst kan fritt tilgjenge til vatn mildne utbrot av diaré gjennom at kalven sjølv kan fylle på med væske i eit tidleg stadium av sjukdomsforløpet. Kalvar med tilgjenge til vatn har difor færre dagar med diaré enn kalvar utan vatn.

Ei utbreidd misoppfatning er at kalvane ikkje bør få vatn i samband med mjølkefôring. Tanken her er at om bollerenna framleis er i funksjon så vil vatnet gå rett i løypemagen og tynne ut mjølka, som igjen koagulerer dårlegare i tarmen. Dette er ingenting å uroe seg for så lenge kalven har tilgjenge til vatn mellom mjølkefôringane. Då er kalven sin tørst allereie stilt når den får mjølk.

Unge kalvar har endå ikkje etablert ein beskyttande tarm ora og er mykje meir kjenslege for ureint vatn enn eldre dyr. Om ikkje vasskjelda vert reingjort regelmessig vert vatnet uappetittleg og vassinntaket går ned. Skittent vatn gir dessutan auka risiko for diaré. Både diaré og redusert drikkelyst gir lågare appetitt som igjen gir dårlegare tilvekst. Gjennom å byte ut kalven sitt vatn samt reingjere drikkekaret/nippelen ein gong per dag samanlikna med kvar veke kan ein få 30–70 gram auke i dagleg tilvekst. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men for ein kvigekalv kan denne auken bidra til 30–70 kg meir mjølk i første laktasjon. Nedsett vasskvalitet inneber i tillegg at eire kalvar må behandlast for sjukdom, som er vist i forsøk å ha stor innverknad på mjølkeproduksjonen i første laktasjon. Det er difor ein god vane å byte ut og reingjere vatnet til kalvane ein gong per dag. For å lette reinhaldet og for å halde vatnet friskt lengst mogleg er det sjølvsagt ein fordel at vatnet har ein viss avstand til kraftfôr og grovfôr.

Kort oppsummert; det beste er å sørge for at kalven alltid har fritt tilgjenge på vatn, allereie frå dag 1. Som regel drikk kalven (og alle andre storfe) best om vatnet er temperert, men det aller viktigaste er at vatnet ikkje er kaldare enn 6 grader og ikkje varmare enn 30 grader. Begge deler hemmar kalven sin drikkelyst betydeleg. Vatnet må og vere reint for å få godt utbyte av vasstildelinga.

 

HAR DU SPØRSMÅL? TA KONTAKT MED:

Maren Bjorland
Rådgiver drøvtygger
Mob: 982 61 275
Epost: maren.bjorland@ ska.no

Kjell-Rune Vik
Produktsjef drøvtygger
Mob: 982 61 279
Epost: kjell-rune.vik@ ska.no

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.